Vinje-legen om koronaviruset: – Det er viktig at alle skjønnar at dette er ein alvorleg situasjon

Torsdag orienterte kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje kommunestyret om den alvorlege situasjonen rundt koronaviruset. – Eg trur me har folk i kommunen som er smitta. Ingen er per nå bekrefta smitta, men me har nokon i karantene, sa legen.

Før dei 25 representantane i Vinje kommunestyret starta med det formelle møtet torsdag, tok kommuneoverlege Marius Opsahl opp alvorssaka som pregar verda.

Alvorleg: Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje sa til kommunestyret at den situasjonen Noreg er i nå med koronavirus som fleire og fleire får, har landet ikkje vore i sidan 2. verdskrig.

– Den situasjonen Noreg er i nå har me ikkje vore i sidan 2. verdskrig. Me er i ferd med å gå inn i ei nasjonal krise. Eg veit at det er mange som på ein måte har tenkt at koronaviruset ikkje er så farleg, det er influensa eller sånn type ting. Verkelegheita er langt meir alvorleg, innleia legen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur langt fleire er smitta

Opsahl sa han hadde jobba nesten døgnet rundt siste veka med den vanskelege situasjonen.

– Me har vore tidleg ute i Vinje kommune med å ta grep og prøve å førebu kommunen og innbyggjarane våre for denne pandemien, sa Legen.

Så nemnde han at i Noreg klarer ein ikkje lenger å spore opp kvar alle har blitt smitta. Dermed veit ein heller ikkje kor mange som eigentleg er smitta.

– Det reelle talet på smitta i Noreg er sannsynlegvis betydeleg høgare enn det som har kome fram. Betydeleg høgare, sa legen.

Påska er ein krevjande situasjon for Vinje kommune, spesielt viss ein tenker helse og omsorg.

– Me er ein liten kommune og svært sårbar. Me har seks–sju doktorar som skal ivareta helsa til innbyggjarane våre. I tillegg risikerer me å få 25 000 menneske opp hit, sa Opsahl om påsketilstrøyminga til hytter og anna.

Les også
Turistnæringa blir pålagd stenging til over påske – og kommunen ber hytteeigarane halde seg heime
Les også
Dramatisk for reiselivet i Vinje: – Det er ein uverkeleg situasjon. Me må permittere folk alt i dag

Legen trudde folk i kommunestyresalen sikkert hadde fått med seg omtale i media kva nokon gjer som blir sett i karantene visse stader.

– Dei reiser på fjellet og lever livet i skibakken og på hytta, for det er ikkje så farleg, sa legen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er eit pressa helsesystem som det er nå, og jobbar hardt nok for å ivareta og gje gode tenester til innbyggjarane våre i det daglege. Nå har me fått koronaviruset på toppen, fortsette han.

Bekymra

Viss ein av legane i Vinje blir smitta og går i karantene, vil det få store konsekvensar.

– Kona mi, som mange av dykk veit, er også lege i Vinje. Blir eg sett i karantene, blir ho automatisk sett i karantene. Då har me mista to doktorar her, sa Opsahl.

Legen var bekymra med tanke på om det skulle ende med karantene/smitte for anna helsepersonell som sjukepleiarar.

Opsahl kom inn på alvoret i Italia, landet som for 2,5 veker sidan var i den situasjonen var i den posisjonen som Noreg var i for tre dagar sidan – 200–300 smitta.

– Nå har Italia over 11 000 smitta menneske, og det er bare dei som er testa. Talet er sannsynlegvis det dobbelte. I Italia er det nesten 1000 menneske som ligg på intensiv behandling eller i respirator. Me er såpass tidleg i utbrotet i Noreg ennå, at me bare har byrja å sjå starten på sjukehusinnleggingane, sa kommunelegen.

– Det er viktig for meg at alle skjønner at dette er ein alvorleg situasjon, og at me må gjere ein del alvorlege grep i kommunen vår. Me jobbar på spreng for å prøve å få ein viss kontroll, sa Opsahl, om ein virussituasjon som han slo fast endrar seg frå time til time.

Innbyggjarar i karantene

Han opplyste at per nå er ingen i Vinje kommune bekrefta smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har nokon i karantene, og prøver som me ventar å få svar på i løpet av dagen.

Elles presiserte han at det framover er veldig viktig å få ut god informasjon til innbyggjarane, og å nå ut til hytteeigarane.

Opsahl orienterte om at det vil bli gjort grep på legekontoret – og der må ein omprioritere.

– Det er utfordrande. Me må tenke på dei som treng tenestene våre mest. Det kan krevje at me må stenge utekontor for å bemanne i Åmot – rett og slett for å ha personell og kapasitet til å drive med det me skal drive med, sa legen.

Opsahl er nå ute av fastlege-ordninga, han har ikkje tid til å ha pasientar.

– Eg må halde tråden i situasjonen. Då har me alt der mista ein lege. Vinje skulle få turnuslege i starten av mars, men han dukka ikkje opp. Då er det alt to legar i manko, sa kommuneoverlege Opsahl.