Feil på straumnettet: Kartet viser at det er svært mange straumfall i Vest-Telemark fredag føremiddag.

Vinden har skulda for straumstans mange stader i Vest-Telemark - det kan ta tid før alle feil er retta

Vest-Telemark kraftlag (VTK) melder at dei jobbar med feilsøking og retting etter sterk vind syter for mange feil i straumnettet rundt om i heile regionen.

– Det kan ta litt tid før alle feil er funne og retta, melder Vest-Telemark kraftlag på nettsida si, der ein også kan sjå eit statuskart over feil på nettet.

På sentralbordet til VTK opplyser dei at alt mannskap er ute, det blåser kraftig og mange tre har falle over straumlinene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet på Dalen blei også kalla ut fredag føremiddag etter melding om brann i tre i Storvegen, etter at trea hadde falle ned på kraftleidningane.