Treng nye friviljuge medarbeidarar: Kirkens Sos vil halde innføringskurs for nye medarbeidarar med samlingar både fysisk og digitalt. – Meld dykk på kurs, oppmodar Sigurd som har vore friviljug i fleire år, leiar for Kirkens SOS Tunsberg, Anne Line Diesen, leiar for frivilligsentralen i Vinje, Ea Kristine Bakken og kommunalsjef for kultur og oppvekst i Fyresdal kommune, Liv Johre-Bakke.

Vil vere med å legge til rette for at fleire kan hjelpe andre

Kirkens SOS har i ei årrekkje hatt tilbod om kriseteneste på telefon og melding. Nå vil Vinje og Fyresdal kommune vere med og bygge tenesta større og inviterer friviljuge vesttelar til kurs.

Som eit resultat av koronapandemien måtte Kirkens SOS flytte ut hjelpetelefon og meldingsteneste frå vaktrom til ei rekkje heimekontor rundt om i landet.

Aldri før har pågangen for den døgnopne tenesta vore så stor, og kvart døgn svarar dei friviljuge medarbeidarane på om lag 500 anonyme samtalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag har Kirkens SOS om lag tusen friviljuge medarbeidarar. Målet deira er å sjå, støtte og styrke dei som tar kontakt, men på grunn av auka pågang treng Kirkens SOS nå fleire medarbeidarar. Nå søkjer dei etter 400 nye frivillige, og håpar dei også vil finne mange i Vest-Telemark.

– Eit samfunnsoppdrag

Både Kirkens SOS i Telemark og Tunsberg har fått partnarskapsmidlar av Vestfold og Telemark fylkeskommune og har derfor starta prosjektet der dei legg til rette for frivillig arbeid på nye måtar og stader. Alle kommunane i fylket fekk høve til å bli med i prosjektet. Vinje og Fyresdal melde seg i vår region.

– Det er eit godt og viktig opplegg me i Vinje kan bli med på, og me ser det som eit samfunnsoppdrag, seier leiar for Vinje frivilligsentral, Ea Kristine Bakken.

– Me ser at samfunnet endrar seg, men me heng ikkje heilt med. Ungdom og vaksne står i kø for å få hjelp, menneske som slit i livet sitt treng nokon å snakke med – så det er fint å vere med å legge til rette for kurs og skaffe fleire friviljuge til denne tenesta, seier kommunalsjef for kultur og oppvekst i Fyresdal kommune, Liv Johre-Bakke.

Sigurd, som har vore friviljug i krisetenesta i snart tre år, fortel at han opplever oppgåva som svært meiningsfull.

– Det er fint å kunne gje noko tilbake, og det er garantert fleire som har høve til å bruke litt tid på dette. Og eg trur at det er mange menn som ringer oss som set ekstra pris på å få snakke med ein mann, så difor oppmodar eg menn til å melde seg. Ein samtale kan redde liv, meiner Sigurd.

Oppmodar menn til å søke

For å finne nye friviljuge som kan gjere ein jobb for Kirkens SOS blir det laga eit eksklusivt oppstartskurs for søkarar frå Fyresdal, Vinje og Hjartdal i samarbeid med dei tre kommunane.

– Men me vil gjerne ha søkarar frå heile Vest-Telemark og me oppmodar spesielt menn til å søkje. Dei som ynskjer å bli med skal bli godt rusta for oppgåva som friviljug, seier Anne Line Diesen som er leiar for Kirkens SOS Tunsberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kurset er delt opp i tre fysiske laurdagssamlingar og fire digitale samlingar på onsdagskveldar.

Den fyrste samlinga blir i Hjartdal 18. september. Her er mål og verdigrunnlag og søkjarens motivasjon for å bli med på kurset tema. Den andre samlinga blir i Fyresdal i slutten av oktober, og den siste i Vinje i starten av november.

– Me vil mellom anna snakke om den gode samtala, korleis lytte, utforske kjensler og avdekkje sjølvmordsfare. På seinare samlingar vil dei friviljuge snakke om rolleforståing, korleis ein skal møte den som ikkje orkar livet og korleis livet på vakt er generelt, seier Diesen.

To vakter i månaden

Grunnverdiane til Kirkens SOS er å vere medmenneskeleg og ha nestekjærleik, og det er ikkje eit krav om at dei friviljuge skal vere kristelege.

– Helsefagleg bakgrunn er heller ikkje eit krav, ein kan like gjerne vere skogsarbeidar. Me skal ikkje vere eit hjelpeapparat, men få den som tar kontakt til eventuelt å søke hjelp, seier Diesen.

Som friviljug vil ein ha om lag to vakter i månaden, og det vil bli høve til å ha denne vakta på eit kvalitetssikra heimekontor, eller så vil kommunane kunne stille med kontorplass. Diesen seier at alle medarbeidarar blir tatt godt vare på, og at dei gjennom digitale møte vil få snakke med dei andre som har vakt.

– Sjølv om ein sit åleine på vakt, vil ein aldri vere åleine fordi ein til kvar tid har eit apparat rundt seg. Og etter vakta er over vil ein ha ein debrief slik at ein kan ha ein god samtale om det ein har opplevd gjennom vakta, seier Diesen som håpar at mange vesttelar melder seg på kurs.

Les også
Stor pågang ved Kirkens SOS i sommar
Les også
– Mange treng nokon å snakke med