Utvidar menyen: Amina Mohamad Kaskous har lært Monika og Kenneth på Treungen gjestgiveri å lage kebab.

Etter at Amina (15) starta å jobbe på gjestgiveriet har menyen blitt utvida

Det er mest norsk tradisjonsmat på Treungen gjestgiveri. Nå har Amina Mohamad Kaskous bidratt med nye krydder og ein ny rett.

– Det finst mange gode krydder me ikkje er vant med, seier Kenneth Waylon S. Larsen.

Saman med sambuaren Monica Lonebu Føreid driv han Treungen gjestgiveri, der dei har mest norsk mat på menyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Komper, kjøttkaker, svinesteik og ytrefilet av svin, ramsar Kenneth opp.

I tillegg har dei heimelaga hamburgar — og ostebollen, som har blitt servert på gjestgiveriet i fleire tiår.

Krydder er viktig: Kebabkjøtet skal krydrast med sumak.

Krydder er viktig

Amina Mohamad Kaskous har fått ekstrajobb på gjestgiveriet. I helger og feriar hjelper ho til både på kjøkkenet og ute i restauranten. Familien hennar kjem frå Syria og derfor har ungjenta god kjennskap til arabisk mat.

Etter at Amina hadde fått opplæring på kjøkkenet fekk Kenneth ein ide. Kanskje ho også kunne lære dei å lage litt meir eksotisk mat.

Amina tok utfordringa, og har lært Monica og Kenneth å lage kebab. Og nå har den nye retten kome på menyen.

Oppskrifta har dei utvikla saman.

– Den har fått ein eigen gjestgiveri-vri, fortel Kenneth.

Libabrød: Her steiker Amina libabrød til kebaben.

Amina har også fått hjelp av mora si i utviklinga av kebaboppskrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mamma er veldig flink til å lage mat, fortel ho.

Krydder er viktig i syrisk mat og eit av kryddera dei brukar i kebab er sumak. Etter tips frå Amina har krydderet nå fått fast plass i krydderhylla på gjestgiveriet.

Dressing er også ein viktig ingrediens.

– Det skal helst vere mykje dressing, slik at brødet ikkje blir for tørt, fortel Amina.

Libabrødet kjøper dei ferdig. Dei steiker det litt før kebabkjøtt, salat og dressing får plass på lefsa.

Gjestgiveri-vri: Amina og Kenneth har utvikla kebaboppskrifta saman. — Den har fått ein eigen gjestgiveri-vri, fortel Kenneth.

Det er ikkje så lenge sidan Kenneth smakte kebabkjøtt for fyrste gong. Han har vore mest glad i norsk mat.

– Eg trudde ikkje at eg likte det, men det gjorde eg, seier han og fortel at han har fått mange gode tilbakemeldingar på den nye retten dei har fått på menyen.

Ny rett: Monica Lonebu Føreid (t.v.) og Amina Mohamad Kaskous tilbyr nå kebab på Treungen gjestgiveri.

Nye smakar

Det er ikkje berre Kenneth som har prøva seg på nye smakar. Amina får også smake på norske rettar som ho ikkje har smaka på før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som dei små fiskane.

– Ansjos, seier Kenneth.

– Ja, det hadde eg aldri smaka før.

Fiskesuppe er ho heller ikkje van med.

– Kenneth si fiskesuppe er veldig god, fortel ho.

Amina er glad i norsk mat.

– Me lagar mykje norsk mat heime.

– Som taco og pizza, seier Kenneth.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, seier Amina, og ler.

– Men fårikål det likar eg ikkje så godt.

Nyttig erfaring

Femtenåringen likar å jobbe på gjestgiveriet, og synest det er triveleg når folk kjenner henne igjen bak disken.

– Det er det fine med å bu i ei bygd, seier ho.

Familien kom til Nissedal i 2017. Snart er Amina, som også er leiar av ungdomsrådet i Nissedal, ferdig med skulegangen i Treungen. Til hausten ventar hybelliv og vidaregåande skule.

Å jobbe på kafe meiner ho er ei nyttig erfaring.

– Ein jobbar med menneske. Maten skal jo vere trygg. Og det er viktig med hygiene.

Men ungjenta har ikkje tenkt å bli i restaurantbransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har lyst til å bli lege.

Treungen gjestgiveri: Det staselege gjestgiveriet, som ligg i Tveitsund, er over hundre år.