Vil synleggjere verdiskapinga: Jon Aslak Austjore representerer Senterpartiet i kommunestyret og er leiar i hovudutvalet for landbruk, miljø og teknisk. Han har inntrykk av at dei som driv innafor skogbruk og landbruk i Tokke er positive til den nye landbruksplanen.

Vil synleggjere verdiskapinga som skjer innafor jordbruk og landbruk

Før jol vedtok Tokke ny landbruksplan for dei neste fire åra. Utvalsleiaren meiner planen viser at kommunen satsar på landbruket.

Den nye landbruksplanen gjeld for perioden 2023 til 2026. Planen gjev retningsliner for korleis landbruket i Tokke skal vere, syner kva rolle landbruket har i kommunen og kva verdiar som blir skapt.

Jon Aslak Austjore er leiar for hovudutval for landbruk, miljø og teknisk i Tokke og representerer Senterpartiet i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å synleggjere verdiskapinga som jordbruket og landbruket har i Tokke kommune, seier han.

– Me har også fått inn ein del nye tilskot ein kan søke på, som til dømes støtte til kjøp av radiobjøller og Nofence, legg han til.

Austjore håpar at dette vil auke beitebruken.

– Ein sparar utruleg mykje tid når ein ikkje må gjerde, og ein kan også bruke meir areal til beite, fortel han.

Ifølge landbruksplanen er husdyra berebjelken i landbruket i Tokke.

– Det er husdyra som utnyttar jordbruksareal og utmark, og som pleier og held kulturlandskapet ope og tilgjengeleg, heiter det i planen.

Dei siste 20 åra har det vore ei nedgang i bruk med husdyr, men dei siste åra har det vore meir stabilt. I 2008 var det 69 gardsbruk som dreiv med husdyr. I 2016 var talet 44, og fire år etter, i 2020, var det 42. Men i 2021 og 2022 hadde det faktisk gått opp igjen til 45.

Utviklinga: Det har vore ein solid nedgang i føretak som søker om produksjonstilskot om ein ser tjue år tilbake i tid. Men dei siste åra har det vore nokså stabilt.

Innafor husdyrhald, er det flest som driv med sau i Tokke, faktisk er kommunen ein av dei største innafor sauehald i Telemark, og har vore det i mange år. Det har likevel vore ein reduksjon dei siste 20 åra, også her, og i 2021 var det rundt 2700 vinterfôra sauer i kommunen. Medan over 6000 sauer vart slopne på beite i Tokke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis populære: Sau er populære dyr i Tokke. Med kring 2700 vinterfôra sauer og over 6000 sauer på sommarbeite er Tokke av dei største sauekommunane i Telemark.

Aktivitet og framtidshåp

Med landbruksplanen har kommunen sett seg fleire mål, og med måla følgjer ulike tilskot.

– Tilskot for motormanuell hogst var nytt i fjor, og tanken er at det skal stimulere til litt skogsdrift, fortel Austjore.

Tokkebuarar som driv i skogen med motorsag kan søke om tilskot på 100 kroner per kubikk.

Av andre tilskot ein kan søke om, er til dømes nydyrking til fulldyrka jord, drenering av jordbruksjord eller plastpresse for landbruksplast. Ein kan også søke om tilskot ved generasjonsskifte på 100 000 kroner.

Austjore er sjølv bonde, og oppmodar folk til å lese landbruksplanen.

– Om ein treng hjelp til å søke eller treng faglege råd, så har me flinke folk i administrasjonen i kommunen, som er fagleg sterke på sine felt, seier han.

Han har inntrykk av at mange er fornøgde og positive til den nye landbruksplanen, og at den viser at kommunen satsar på landbruket. Det har vore tverrpolitisk semje om planen, og den vart samrøystes vedtatt av kommunestyret.

– Det er fordi folk ser at landbruket er viktig – det er mellom anna også viktig for turismen. Det fine kulturlandskapet ville ikkje vore så attraktivt utan husdyr, meiner Austjore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klima- og naturutfordringar i Vest-Telemark

Vest-Telemark blad ser nærare på utfordringane regionen står framom, kva løysingar som finst og kva tiltak som blir gjort. Prosjektet er støtta av Fritt Ord.