Fekk søknadssummen: Kundevalt i Gjendsidigestiftelsen Hilde Fjellheim overraska Stian Hauge frå Kviteseid idrettslag.

Vil samle ungdomane med e-sport

Denne veka fekk Kviteseid idrettslag, og søknadsskrivar Stian Hauge, den gledelege beskjeden om at Gjensidigestiftinga støttar idrettslagets etablering av elektronisk-sport med nesten ein halv million kroner.

Kundevalt i Gjensidigestiftinga, Hilde Fjellheim, kunne melde at søknaden om 474 000 kroner er innvilga, og at idrettslaget i Kviteseid nå kan jobbe vidare med realisering av eit nytt ungdomstilbod i bygda.

– Heilt rått, tusen takk, sa ein glad og overraska Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå vil me inkludere ungdommane og ungdomsrådet i den vidare planlegginga. Ungdomane må gjerne ta kontakt med oss i idrettslagsstyret, seier han.

Få møtestadar

Kviteseid idrettslag organiserer i dag fleire ulike aktivitetar som fotball, ski, trim, friidrett, spinning, pilates og barneidrett, men Hauge meiner idrettslaget har eit behov for å reorganisere og tenke nytt.

– Det er ein tydeleg trend at stadig fleire ungdommar fell på utsida av våre tilbod. Dette gjeld spesielt unge i alderen 13-19 år, ei gruppe som per i dag har få eigne møtestadar i kommunen, meiner Hauge.

Det var slik prosjektet e-sport for ungdom blei skapt, og er grunnen til at idrettslaget søkte om midlar til å oppgradere lokale og starte eit nytt aktivitetstilbod i samband med etablering av ein frivilligsentral i Kviteseid kommune.

I samarbeid med frivilligsentralen

– Frivilligsentralen skal mellom anna arbeide for å førebyggje utanforskap hos born og ungdom. Det vil ein gjere ved å skape ein felles møteplass, der ein også kan drive med e-sport, meiner Hauge som skriv i søknaden at dei planlegg å etablere stasjonane for e-sport i andrehøgda av Kviteseid bibliotek.

Kviteseid kommune eig bibliotekbygget, og tar på seg drifts- og vedlikehaldsansvaret.

Pengane frå Gjensidigestiftinga skal difor gå til å ruste opp og gjere lokalet klart, og innkjøp av ulikt datautstyr slik at ein kan bygge ti spelstasjonar, slik at ein til dømes kan organisere seg som to lag av fem personar.

– I tillegg til e-sportsstasjonane, vil lokalet bli ein naturleg møtestad for ungdom, der ein legg opp til sosiale, trygge rammer, for ei aldersgruppe som i dag har få tilbod i kommunen, seier Hauge.