Samarbeider: Peter Rieber-Mohn (f.v.) og Olav Arne Sønderland sit i styret i Treungen birøktarlag, Gunn Elise Lyngtveit Ramlet er leiar av Nissedal skogeigarlag og Odd Arvid Bjørnbakk er leiar av birøktarlaget i nabokommunen Åmli, der dei også har mest brunbier.

Vil ha skogeigarane med på lag for å bevare utryddingstrua bier

Lokale birøktarar ynskjer å bevare den utryddingstrua brunbia. Då er det viktig at dei som har vandrebier på sine eigedomar også bidreg.

– Me vil gjerne behalde den brune bia, seier birøktar Peter Rieber-Mohn i Nissedal.

Han fortel om bierasen som i hundretusen av år har levd og utvikla seg i våre område, og meiner det er viktig å ta vare på den lokale populasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt tilpassa våre forhold

Før var det berre brunbier i Noreg. På 1900-talet vart det importert nye bie-sortar — frå fjellområda på Balkan og Austerrike kom kraniebier og frå England kom det Buckfast-bier. Desse artane vart populære. Nå er det lite igjen av den brune bia.

– Den har blitt utryddingstrua, fortel Rieber-Mohn.

Utrydningstrua: Treungen birøktarlag arbeider for å bevare den originale brunbierasen.

Det lokale birøktarlaget i Nissedal meiner brunbia er godt tilpassa forholda i kommunen og jobbar nå for å bevare den opphavlege bierasen i distriktet.

Det er særleg i område med godt lyngtrekk brunbia fungerer godt. Den er litt større enn dei andre biene og klarar overvintring betre, blant anna fordi den ikkje har det så travelt med å starte yngling på våren. Det kan vere ein fordel når det etter tidlege varmeperiodar ofte kjem dagar med frost.

– Eit anna kjenneteikn ved brunbia er at den har kortare tunge, fortel Rieber-Mohn.

Det gjer at den overlèt blomane med djupe nektarium til humler og andre insekt. Det er positivt med tanke på økologisk mangfald.

Seljetrekk: Brunbiene til Olav Arne Sønderland er nå ute. – Det er mange som vil ha pollen og nektar, seier han.

Alle lokale birøktarar har brunbier

Olav Arne Sønderland, som er leiar av Treungen birøktarlag, meiner det er rundt 500 bikubar i Nissedal kommune. Dei som driv med bier har blitt einige om å satse på brunbier.

– Det er berre ein birøktar igjen som har buckfastbier. Ho skal bytte over til brunbier i år, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom ein skal få utvikla ein lokal populasjon er det nemleg viktig at alle har den same rasen. Elles blir det krysningsbier.

Kvar dronningbie parar seg med 15—20 dronar. Og dei bryr seg ikkje om kva for bikube dronane kjem frå. Dronninga parar seg normalt innanfor ein radius på to kilometer frå kuba si, men kan fly vesentleg lengre.

Sidan brunbiene har eit anna genetisk materiale enn dei importerte biene er krysningar uheldig. Det blir rot. Det erfarte Rieber-Mohn då han overtok 240 bikubar der det var krysningsbier i fleire generasjonar.

– Det var krig, seier han.

Den lokale birøktaren, som i fleire år har vore med i styret i Norsk brunbielag, fortel at krysningar går ut over gemyttet til biene, og også dyrevelferda.

Tusen kuber frå andre stader i landet

Dei fine lyngheiane i Nissedal gjer kommunen til eit populært område for vandrebier.

Når sommarsesongen er over er det mange birøktarar frå andre stader i landet som tek bikubane med seg på hengarar og flytter dei til Nissedal for å få lynghonning. Det gjer dei etter avtale med lokale skogeigarar.

Birøkt: Blåbær- og tyttebærhonning har blitt meir populært, fortel Olav Arne Sønderland. Han fryktar at det kan få fleire til å flytte bikubane sine til Nissedal før avlssesongen er ferdig.

Sønderland trur det kan kome så mange som tusen bikubar med vandrebier for å få med seg lyngtrekket i kommunen. Og birøktarlaget trur mange av skogeigarane ikkje tenker på kva for bier dei seier ja til å ha på sine område.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er særleg i avlsperioden før 10. juli det er uheldig å ha bier frå andre rasar i kommunen.

Gunn Elise Lyngtveit Ramlet er leiar i Nissedal skogeigarlag, og også lokal birøktar. Ho har ei klar oppmoding til alle skogeigarar som har vandrebier på sine eigedomar:

– Det er viktig at skogeigarane i Nissedal ikkje seier ja til å ha vandrebier på sine eigedomar før 10. juli, seier ho.

Leiaren i det lokale birøktarlaget er glad for samarbeidet med Nissedal skogeigarlag og håper skogeigarane følgjer oppmodinga.

– Om ikkje kan dei øydelegge heile avlsarbeidet, seier han.