Vil framskunde opprustinga etter at ventilasjonen streika

Ventilasjonsanlegget i bassenget på Vinjehuset slutta å fungere i desember. No vil administrasjonen framskunde opprustinga av anlegget.

Kommunen har hatt besøk av firmaet GK AS, som har kome fram til at hovudaggregatet, som fyller 40 år i år, er moden for utskifting. Opprusting av anlegget ligg opphavleg inne i økonomiplanen for 2025, med 9 millionar kroner til utskifting av totalt seks aggregat på Vinjehuset, men sakshandsamar og kommunalsjef for teknisk drift og infrastruktur Åge Verpe, skriv at dei no ynskjer å framskunde opprustinga av aggregatet som stoppa å fungere i desember.

– På bakgrunn av havari på aggregatet i bassengdelen hastar det no med utskifting av dette aggregatet og Teknisk drift og infrastruktur (TDI) vurderer det difor som tenleg at 2 millionar kroner blir flytta frå 2025 til 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen fekk eitt tilbod då dei la ut arbeidet på anbod.

– Ved å nytte dette tilbodet, med innkomne prisar frå anbodsprosessen, vurderar TDI det slik at ein ikkje treng å lyse dette ut på nytt, held han fram.

– Det er lang bestillingstid (omlag 8 veker) på aggregat og ved ein ny anbodsprosess ville det tatt ytterlegare tid før ein får opna bassenget, legg han til

Det er GK AS som har gjeve tilbodet, og Verpe skriv at totalprisen på 2 millionar kroner omfattar aggregatet (1,4 millionar kroner), samt noko bygningsarbeid og tilkopling til rør og elektro.

– Finansieringsmåte tilrår ein blir gjennom reduksjon av prosjektet på Åmot småskule med 2 millionar. Så overfører ein tilsvarande frå Vinjehuset til Åmot småskule i 2025. Dette er ei budsjett-teknisk endring og skal ikkje ha konsekvensar for framdrifta på skuleprosjektet, skriv Verpe.

Formannskapet får saka på sitt bord fyrstkomande torsdag.