Klar for feiring: Pandemien vil prege feiringa av nasjonaldagen i år også, men det er likevel mykje som skjer rundt i bygdene i Vest-Telemark på 17. mai.

Vesttelane er klare for 17. mai

Med god avstand og godt smittevern, blir årets 17. mai markert rundt om i bygdene i Vest-Telemark.

Covid-19 set ein stoppar for den tradisjonelle nasjonaldagsfeiringa også i år, men det blir barnetog der 1.-7. klasse deltek mange stader. Det blir garantert mykje is og god mat, flagg som vaiar i vinden, gudstenester, naturstigar, talar, prisutdelingar, korpsmusikk og ulike arrangement trass pandemien me framleis står i. Publikum blir oppmoda til å stå langs vegen å sjå på toga i mange av kommunane.

Skramletog og bilrebus er også ein av aktivitetane mange bygder i Vest-Telemark arrangerer på nasjonaldagen i år, eller kanskje du og familien gjer som mange gjorde i fjor - tar feiringa ute i skogen eller med ein topptur til fjells?

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du er nede i bygda, på hytta, på vatnet, langt til skogs eller på ein fjelltopp kan du vere med når heile Noreg syng «Ja vi elsker» saman klokka 12.00 på nasjonaldagen.

Trykk på din kommune for 17. mai-program:

Kviteseid

Seljord

Tokke

Vinje

Nissedal

Fyresdal

Me i VTB vil vere på farten, men blir veldig glade dersom de sender oss bilde frå staden de feirar nasjonaldagen. Send gjerne bilde med informasjon om kvar det er teke, og eventuelt namn på personar til redaksjon@vtb.no eller send det til oss på kontoen vår på Instagram eller Facebook.