Fire fylkeslag i KrF peikar på Dag-Inge Ulstein som ein god kandidat til partileiarvervet. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Vestfold og Telemark KrF foreslår Ulstein som partileiar

Vestfold og Telemark KrF peikar på Dag-Inge Ulstein som ny leiar. Vestlendingen seglar opp som favoritt til toppvervet.

Fylkesstyret i Vestfold og Telemark gav onsdag kveld høyringssvaret sitt til valkomiteen.

– Vi meiner Ulstein er samlande og ein mann for framtida som kan nå ut til nye veljargrupper, seier fylkesleiar Bror-Lennart Mentzoni til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser til Ulsteins engasjement for internasjonal solidaritet, klima og miljø.

Mentzoni opplyser at Ulstein har støtte både frå fleirtalet av lokallag som hadde gitt innspel til fylkesstyret og i sjølve fylkesstyret. Frå før har Ulstein fått støtte frå fylkesstyra i Vestland, Agder og Møre og Romsdal.

Det skal òg haldast ein høyringsrunde nummer to før leiarvalet blir avgjort på eit ekstraordinært landsmøte 13. november.

(©NPK)