Uvisst når vegen på Garvikstrondi kan opne att
Fylkesveg 3328 Garvikstrondi er framleis stengd etter at ein støttemur kollapsa i starten av månaden. Fylkeskommunen melder at det truleg vil gå fem veker før vegen kan opne att.
Seksjon for vegforvaltning og transport i Telemark fylkeskommune melder i eit presseskriv onsdag at arbeidet med å reparere skadane etter raset diverre ser ut til å bli tidkrevjande.
Dei skriv at for å hindre ytterlegare utrasing har det vore nødvendig å grave vekk massar ned til fjell og inn til det som er att av støttemuren på kvar side av rasgropa.
Det er bratt på begge sider av vegen, og støttemuren sørgjer for at vegen held seg på plass. Det er difor viktig at denne er godt sikra for å hindre liknande situasjonar i framtida, melder dei.
Fylkeskommunen arbeider med å få ei avklaring på tilstanden til det som er att av støttemuren, og om denne kan tryggjast, eller om han må bli bygd opp på nytt.
Dei skriv at dei ikkje veit kor lang tid det vil ta før vegen kan bli opna igjen, og legg til at det er svært uvisst.
– Truleg minst fem veker – avhengig av kva løysing som blir vald. Me forstår at dette er ei ulempe for dei som er råka, og me beklagar at dette tek tid, melder fylkeskommunen.
All omkøyring er via riksveg 36.