annonse

Ungdomsråd oppmodar om «Heim for ein 50-lapp»

I samband med haldningsskapande arbeid som Fyresdal kommune har sett i gang, har det kome innspel frå fleire hald om å få til ei ordning der ein kan kome trygt heim på kveld/natt i helger. Via fylkeskommunen er det organisert i nokon fylke ei ordning «Heim for ein 50-lapp». Ordninga er ikkje dyr å drive og ikkje tung å administrere.

Fyresdal idrettsråd oppmodar eigen kommune til å be Telemark fylkeskommune å ta fatt i denne saka. Rådet skriv at ordninga kan gjelde for ungdom opp til fylte 25 år, og ha desse måla: Få ungdom heim på ein trygg og god måte. Gje ungdom i distrikta eit transporttilbod lik det ungdom i byane har, og gje ungdom gode vanar for bruk av kollektivtransport.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.