Linea Metveit Haugo og Maria Metveit Haugo
Linea (t.v.) og Maria Metveit Haugo har aldri hatt ein sommar utan fotballskulen i Vrådal. I år er fyrste gong med trenarskjorte på.

Tvillingane har vore på fotballskulen sidan dei var gamle nok. I år har dei ei ny rolle

Linea og Maria Metveit Haugo (17) frå Kviteseid har vore på fotballskulen i Vrådal kvar sommar sidan dei var gamle nok. No er det deira tur til å ta gje fotballgleda vidare, som instruktørar for fyrste gong.

Publisert

Tvillingane Linea og Maria Metveit Haugo har vore fast å sjå på fotballskulen i Vrådal sidan dei var 6 år. I fjor var siste gong dei kunne vere med som deltakarar, men sommartradisjonen tok ikkje slutt av den grunn. Dei er til stades akkurat som før, men denne gongen iført blå instruktørdrakter. 

Frå å vera ung deltakar der høgdepunktet for dagen er is i kiosken er høgdepunktet denne sommaren å sjå dei minste deltakarane bli tryggare utover veka. Linea og Marie er tydelege på at fotballen har vore viktig i oppveksten. 

Frå talent til trenar 

Å få jobbe meg gode instruktørar er noko av det som gjer fotballskulen så moro. Ifølge jentene er ein god fotballtrenar ein med mykje humør, som kan engasjere spelarane med kreative øvingar. 

– Og så er det viktig at ein lyttar begge vegar. Det er ikkje berre slik at ein skal gjera alt trenaren seier, trenaren må også høyre på spelarane, seier Linea.

Talent: Linea (t.v.) og Maria Metveit Haugo frå Kviteseid IL fekk fotballstipend på fotballskulen i Vrådal i 2022. I midten, leiar for fotballskulen, Solveig Nekstad Grave.

Spesielt i barneidretten er det viktig med leik. Linea og Maria er trenarar for dei minste på fotballskulen som kallast «Røyskattene» – dei mellom 1. og 4. klasse. Fotballskulen i Vrådal varar i heile fem dagar, og då må ein variere for halde motivasjonen oppe. 

– Ein kan merke at konsentrasjonen ikkje er så lang for dei små, spesielt når det nærmar seg lunsj, smiler Maria. 

Ein treng ikkje spele fotball frå før for å vere med på fotballskulen, og ingen spørsmål er dumme. Dei to jentene frå Kviteseid synest noko av det beste med å vere instruktør er å sjå korleis ungane blir meir trygge utover veka, både med ballen, seg sjølv og trenarane. Å vere ein vaksen og trygg kontaktperson for dei små kjennest viktig. 

– Og når dei blir glade så smittar det veldig! smiler dei. 

Idrett og oppvekst

Linea og Maria kan sjå tilbake på ein oppvekst der fotballen har vore viktig. Det er mange som fell frå fritidsaktivitetar på ungdomsskulen, men tvillingane er tydeleg på fordelane med å halde ut heile løpet. 

– Det blir jo ein del skule, så eg trur idretten er ein viktig stad å kople av, seier Maria. 

– Det fysiske og psykiske heng jo saman. Med god fysisk helse føler ein seg også betre, seier Linea. 

Kviteseid jenter 16 på Norway Cup i 2025: Elise Draugedal Birkeland (bak f.v.), Linea Metveit-Haugo, Hilde Spikkeland Holm, Wilma Saxhaug, Andrea Barren Halvorsen, Samantha Ensila Lunde, Thea Straand, Liv Heddejord, Marie Draugedal (framme, f.v.), Åse Aarkakk, Maria Metveit-Haugo og Kalina Miteva. Ikkje avbilda: Hanna Sofie Hendriks Flatin, Vilde Grestad, Mari Heddejord, Indine Hansen, Luzzy-Sofie Lundevall-Hauge.

Det sosiale er likevel det dei trekker fram som viktigast, og dei sit att med mange vener som dei har fått gjennom fotballen. Fotballskulen i Vrådal og Norway Cup har vore faste høgdepunkt på sommaren for å reise saman med vener, og treffe nye.

Sjølv om dei i fjor valde Kvitsund gymnas er fotballen og idretten framleis ein viktig del av fritida. Etter sitt fyrste år på den lokale vidaregåande skulen er dei positivt overraska. 

– Me trivst veldig godt der, og det skjer så mykje på kveldstid at me ofte blir att etter skulen, seier dei. 

Fotballaget er ikkje verst heller, og i vår bytta dei frå Kviteseid IL for å spele med Kvitsund sitt eige idrettslag KVIL.

– Det er jo veldig få som går vidare til å faktisk bli proffe fotballspelarar. Me speler fordi det er moro.

To jenter i blå Tine-trøyer står på graset og ser på kvarandre.
Linea (t.v.) og Maria Metveit Haugo går no på Kvitsund gymnas, men speler framleis mykje fotball.







Powered by Labrador CMS