Generasjonar på fotballskulen i Vrådal
Fotballskulen i Vrådal blir denne veka arrangert for 41. gong, og har for lengst blitt ein tradisjon for mange. Solveig Nekstad Grave er takksam for at friviljuge kjem att år etter år. – Det er stas å ta med ungane hit, seier tidlegare deltakar og instruktør Cato Listaul som er til stades med tre born.
Tine fotballskulen i Vrådal starta med klangen av mjølkespann og det veletablerte VM-ropet «ro!». Dei 322 deltakarane blei ynskt velkomne under skyfri himmel og frisk luft, perfekt for fem dagar med leik, trening og fotballkampar.
Primus motor for fotballskulen Solveig Nekstad Grave rettar ein stor takk til dei mange som hjelper til i arrangeringa.
– Folk er altså så på tilbodssida, og me er heldige som ikkje har mangel på hjelp. I år er det rundt 70 friviljuge her, seier ho.
Vidarefører sommarens høgdepunkt
Kva er vel eit betre kvalitetsstempel enn tidlegare deltakarar som kjem attende som foreldre? Fotballskulen i Vrådal er gjennom fleire tiår blitt godt etablert i mange familiar.
Cato Listaul vaks opp i Vrådal, og er ein av dei som sjølv var deltakar kvar sommar, deretter som instruktør. No er han tilbake på fotballskulen, denne gongen som trebarnsfar.
– Dette var jo høgdepunktet kvar einaste sommar til me var 15-16 år. No er det stas å ta med ungane hit, fortel Cato medan han fungerer som interaktiv klatrevegg for minstemann Viljar (5) som må vente eitt år til før han kan bli med.
Storesyster Vårin (9) og Njål (11) er opptekne ute på banen med dagens fyrste treningsøkt.
Sjølv om Cato flytte frå Vrådal etter ungdomsskulen, og no er fotballfar i Skarphedin IL, meiner han at fotballskulen i Vrådal rett og slett er litt betre enn andre fotballskular. Det er stort med mange deltakarar frå ulike stader i fylket og landet, samstundes som at arrangementet ligg skjerma og fint til.
– På fotballskulen i Bø til dømes er det jo fyrst og fremst bøheringar, medan her i Vrådal er det mange nye å bli kjend med, smiler han.
Også gamle vener kan treffast att. Barndomskompisen Vegard Snaunes frå Vrådal var også fast inventar på fotballskulen som liten. No bur han i Bryne, men denne veka er han på plass i Vrådal med ungane Vetle (11), Emil (9) og Saga (7). Medan gutane er i full sving med trening ville Saga heller sitje på sidelina med far og bestemor Unni Snaunes. Litt smoothie og lovnader om iskrem hjelpte på heimlengselen.
Dugnaden er ikkje daud
Det ligg mykje arbeid til grunn for at ballar kan trille og ungar springe rundt. I år er det om lag 70 friviljuge som tek seg av alt frå nistesmøring og søppelplukking til vaffelsteiking og pølsesal.
Ein av dei mest trufaste er Bjørg Nekstad, som har jobba med fotballskulen i alle dei 41 åra. Likevel melder ho om at dette blir siste sommaren ho er med.
– Jaså, seier ein tvilsam Signe Breidalen, som også har vore med allstøtt.
Breidalen synest det er ein triveleg sommartradisjon for å slå av ein prat med både gamle og nye.
Det er også fleire ihuga hjelparar som ikkje har barn eller barnebarn på fotballskulen. Eit godt eksempel er Vigdis Bringsværd og Snorre Knudsen, som er tilbake i år igjen som søppelplukkarar. Dei har ikkje ungar sjølve, men synest det er triveleg å kunne gje noko tilbake til bygda.
– Me har blitt tatt så godt imot. Det skjer mykje meir her i Vrådal enn ein kanskje skulle tru, både sommar og vinter, seier dei.
Skulle vore 4 år – i sommarferien
Ein annan som er aktiv utanfor banen i år er Håkon Barlund frå Fyresdal. Han er fire år, og ikkje gamal nok til å vere med storebror Herman (7) og Henrik (9). Den norske fotballdrakta er likevel på, og med saftis, solskin og det norske flagget vaiande i vind ser Håkon sin versjon av fotballskulen nokså harmonisk ut.
Den unge fotballentusiasten er svært positivt innstilt til tysdagens kamp mot Elfenbeinskysten og tippar det blir 15–0 til Noreg. Far Henning håpar på eit noko meir beskjedent 2–0 til Noreg.
– Hugsar du at Herman var i VTB på fotballskulen i Fyresdal Håkon? No får du også sjansen, smiler Henning og kyter stort av fotballskulen i Vrådal.
Når ein anten er for liten eller for stor til å vere med på treningar hjelper det med kiosk i nærleiken. Håkon er tydeleg på at det er på tide med vaffel og forsvinn i retning dei friviljuge.
At det er gratis kaffi er nok eit godt nytta tilbod blant dei føresette, som må stå mange timar på sidelina før dei kan transportere idrettsutøvarane heim for trengt restitusjon før ein ny dag med fotballskule.