Tre nye positive covid-19-prøvesvar i Vinje

Heimetenesta i heile Vinje kommune bruker no munnbind, visir og hanskar når dei er på besøk til tenestemottakarar.

Det melder Vinje kommune i ei pressemelding 2. joledag.

Ein tilsett i øvre Vinje omsorgsdistrikt testa positiv for covid-19 23. desember. Det medførte omfattande testing blant tilsette og bebuarar på Norheimstunet omsorgssenter, aktuelle mottakarar av heimetenester og nærkontaktar. Alle hurtigtestar var negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

«No har resultata av PCR-testane komme tilbake. Tre (3) av desse var positive, eit av desse er ei tilsett i heimetenestene i kommunen. Ingen på Norheimstunet omsorgssenter har testa positiv for covid-19. Det blir ny testrunde i dag, både med hurtigtest og PCR på bebuarar og tilsette på Norheimstunet omsorgssenter, nærkontaktar og aktuelle tenestemottakarar i heimetenesta. Dei som har testa positiv for covid-19 har lette symptom», skriv kommunen.

Norheimstunet er framleis stengd for besøk. Tiltak på andre avdelingar vurderast fortløpande. Sjukeheimen er framleis open for besøk. I tillegg til å stenge Norheimstunet omsorgssenter for besøk har kommunen innført følgjande tiltak:

– Heimetenesta i heile Vinje kommune bruker munnbind, visir og hanskar når dei er på besøk til tenestemottakarar.

– Det er innført sosial distansering blant bebuarar inne på Norheimstunet omsorgssenter.

Situasjonen blir vurdert fortløpande og Vinje kommune har god oversikt. Kommunen oppmodar på det sterkaste alle å vera forsiktige, følgja dei nasjonale retningslinjene og redusere sosial kontakt med andre.

– Me tilrår kontakt berre med dei i eiga hushaldning, skriv kommunen.

Oppdatering frå Vinje kommune: 26.12, klokka 17:

«Det er i dag tatt 41 hurtigtestar, 1 av desse er positiv. Ingen positive på Norheimstunet omsorgssenter. Dette er testrunde nummer 2 og me avventar resultat av PCR testane tatt i dag.»

Artikkelen held fram under annonsen.