To smitta – stenger skulen ut veka

Det er påvist koronasmitte hos to personar i Vinje kommune.

Det melder Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven etter møtet i beredskapsleiinga onsdag.

– Begge dei smitta er i same heim. Ein av dei smitta er elev ved Edland skule. Det er importsmitte frå Vestland. Med bakgrunn i dette vel kommuneoverlegen å stenge Edland skule ut veka. Smittesporing er i gang og nærkontaktar vil kontaktast i løpet av kvelden av smittesporingsteamet. Det vil komme meir informasjon i morgon ift testing, skriv ordføraren.