Tatt med til sjukehus etter trafikkulykke. – Det er svært glatt på staden

To personbilar involvert i trafikkulykke i Fyresdal.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert 15.55: Naudetatane er nå ferdige på staden. Politiet har oppretta sak, men har ikkje beslagelagt førarkortet til nokon av sjåførane. 

– Det er svært glatt på staden. VTS er informert om sistnemnde og vil sørge for å få strødd asap (forkorting for «as soon as possible», red. merk), skriv politiet i den siste meldinga. 

Oppdatert 13.59: Politiet er på staden. Brannvesen og helse har vore der ei stund. Dei to personane som var involverte i trafikkulykka er tatt med til Arendal sjukehus for sjekk. Brannvesenet har dirigert trafikk på staden i påvente av bilbergar. Det blir meldt om glatt veg, opplyser politiet – og legg til at vegtrafikksentralen er orientert. 

Naudetatane rykke ut til melding om trafikkulykke på Fv355 ved Vikåa bru, skriv politiet klokka 12.37. 

To personbilar og totalt to personar er involverte. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade. Vikåa bru ligg mellom Momrak og Vik på Fyresdalsvegen. 

Saka blir oppdatert. 

Powered by Labrador CMS