Store nedbørsmengder har gjeve flaumskadar og stengde og utvaska vegar

På Dalen er vegen stengt ved Lasteinsvingen. I Kviteseid er teknisk etat ute med alt tilgjengeleg personell.

– Melding om jordras over Fv45 Lasteinsvingen rett aust for Dalen, melder politiet.

Vegen er stengt. Det skal ikkje vera køyretøy eller menneske som er tatt av raset. Geolog er varsla og vil vurdere fare for nye skred. Vegen vil bli stengt i «lengre tid».

Artikkelen held fram under annonsen.

Også fylkesveg 3398 mellom Åmdals Verk og Skafså kyrkje er stengt på grunn av flaum.

Dei store nedbørsmengdene i helga har ført til flaumskadar og utvaska vegar også fleire stader i Kviteseid.

Video frå Flatin i Kviteseid: Kristian Sigurdslid

– Utfordringar med store nedbørsmengder. Teknisk har alt tilgjengeleg personell ute, melder rådmann Øystein Tveit til VTB seint sundag.

Også mellom Morgedal og Brunkeberg er det meld om mykje vatn i vegen og tidvis elver over vegen på E134.