Sterk markering av 22. juli – ni år etter

Ei tung stille låg over regjeringskvartalet då namna på dei 77 offera for terrorangrepa for ni år sidan vart lesne opp. I talane stod kampen mot hat sentralt.

Les også:

Les også
Ailina vil minnast 22. juli-ofra

AUF-arar avrunda den første delen av minnemarkeringa med å lese opp namna etter talane i regjeringskvartalet. Fleire av dei tok til tårene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsminister Erna Solberg (H) understrekar at markeringa av årsdagen for 22. juli-angrepa alltid vil vere tung.

– Men orda kan hjelpe eit stykke på vegen, seier ho.

– Vi gjentek orda «aldri meir» for å minne oss sjølv på lovnaden vi gav: at vi kvar dag skal kjempe for dei verdiane terroristen ville ramme. 22. juli minner oss om at liv kan stå i fare når hatet får stå uimotsagt, understrekar statsministeren.

Ho viser òg til angrepet i fjor der høgreekstreme Philip Manshaus drap stesøster si og gjekk til angrep på ein moské.

– Vi veit at hatytringar, konspirasjonar og framandfrykt lever i det norske samfunnet. Då er orda vi bruker, ekstra viktige, peikar på statsministeren.

Markering: Statsminister Erna Solberg under markeringa av at det er ni år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya.

– Hat tek liv

AUF-leiar Ina Libak heldt òg appell føre minnesmerket med namna til alle dei 77 som vart drepne av terroristen Anders Behring Breivik for ni år sidan.

– Hat tek liv. Men vi veit at den beste motgifta mot hat er kjærleik, håp og fellesskap, seier Libak, som sjølv vart skoten fire gonger på Utøya.

Ho vektlegg kampen mot høgreekstremt tankegods som framleis går føre seg i dag, og hylla heltane som overmanna angriparen i Al Noor-moskeen i Bærum i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje gløyme

Støttegruppe-leiar Lisbeth Røyneland heldt òg appell og meiner det er viktig å fortelje historia om 22. juli-angrepa for å ikkje gløyme dei som vart drepne – mellom anna i det nye 22. juli-senteret i Teatergata i Oslo.

– Historia etter 22. juli er viktig å fortelje for å ikkje gløyme dei vi mista og som trøyst for sorg og sakn. Kunnskap, saman med engasjement og empati, er det fremste forsvaret vårt mot hat og vald. Derfor er det så viktig å vidareføre samtalen om 22. juli, seier Røyneland.

– Det er ikkje noko som er så sterkt som å høyre vitne fortelje om opplevingane frå 22. juli, både i senteret og i Hegnhuset på Utøya, held ho fram.

Dempa

Markeringa ved regjeringskvartalet var på grunn av koronapandemien noko avgrensa, med rundt 50 menneske til stades.

To kransar – ein raud og ein kvit – var oppstilte føre regjeringsbygget. På ei lita kasse dekt med ein svart duk stod ein bukett med raude roser. Frida Ånnevik framførte tre songar, mellom anna «Natta Oslo».

Markeringa på dagen ni år etter angrepa omfattar òg minnegudsteneste i Oslo domkyrkje klokka 11.30 og ei markering på Utøya frå klokka 16.

(©NPK)

Frida Ånnevik stod for dei musikalske innslaga under markeringa. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK