Vårreingjeringa av europa- og riksvegane startar over påske og skal vere ferdig til 17. mai. Foto: Statens vegvesen / NPK

Statens vegvesen startar vårreingjeringa

Statens vegvesen startar den årlege vårreingjeringa av europa- og riksvegane denne veka. Jobben skal vere ferdig til 17. mai.

Vårreingjeringa av europa- og riksvegane startar over påske og skal vere ferdig til 17. mai, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dei feiar og spyler vegbane, gang- og sykkelvegar, rekkverk, skilt, og leskur, og vaskar skilt og andre tekniske installasjonar, med andre ord heile riksvegnettet og alle installasjonane langs vegen. I tillegg plukkar dei søppel langs europa- og riksvegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

− Det betyr at trafikantane må vere førebudde på at det jobbar folk på og langs vegen. Vårreingjeringa er viktig for å ta vare på utstyret og verdiane vi har langs vegen, og for lufta og miljøet. Ver merksam på skilting og vis omsyn, slik at mannskapet til entreprenøren kan jobbe trygt, seier Bjørn Inge Stefferud Holter i Statens vegvesen.

Vårreingjeringa inneber også ein grundig vask av tunnelane. Der samlar det seg mykje støv og skitt, som må fjernast for at tunnelane skal vere trygge å køyre i.

− Vi vaskar støv og skitt frå lys, skilt, tak og vegger i tunnelane. Det gir betre sikt og forlengjer levetida til avansert, teknisk utstyr vi har i tunnelane, fortel Bjørn Inge Stefferud Holter.

Der det er gode omkøyringsmoglegheiter, blir tunnelane heilt stengt når vaskinga går føre seg. I dei andre tunnelane blir det kolonnekøyring og trafikantane må vente på leigebil. Dette skjer i hovudsak på kveldar og nettar, når det er lite trafikk.

Tryggleiken til dei som jobbar på og langs vegen er viktig, også under vårreingjeringa. Når det er nødvendig, blir det derfor lågare fartsgrense eller litt ventetid.

(©NPK)

Tunnelane får også ein grundig vask under vårreingjeringa av europa- og riksvegane. Illustrasjonsfoto: Knut Opeide / Statens vegvesen / NPK