Motforslag: Tone Edland (Sp) fremja forslag om å ta klaga til følgje, og fekk med seg heile PMU på dette. Ane Killingtveit (Sp) var ugild i denne saka, og deltok ikkje i handsaminga.

Snur i saka om plassering av GS-vegen på Rauland

– Det verkar som fleire av dykk politikarar helst ville gjort det annleis, viss det hadde vore «tid» til det, står det i ei av klagene Vinje kommune fekk etter at dei i september vedtok reguleringsplanen for ny gang- og sykkelveg på Rauland. Det skulle vise seg å stemme.

For i PMU-møtet førre onsdag valte eit samrøystes plan- og miljøutval å ta klagene på den vedtatte reguleringsplanen for ny gang- og sykkelveg på Rauland til følge.

Rådmannen si innstilling var det stikk motsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Momenta som har kome inn i klagene knytt til vilttrekk, flytting av fylkesvegen, kva side gs-vegen skal vere på, flytting av avkøyrslar, innløysing av hytte, dyrka mark og myr er tema som har vore grundig vurdert i planprosessen og omtala tidlegare i saka, skreiv han i si vurdering.

– Ein kan ikkje sjå at det har kome inn nye vesentlege moment i saka og rådmannen rår til at klagene ikkje vert teke til følgje.

Ikkje ideell forprosjektering

I alt fire klager vart levert kommunen etter kommunestyrevedtaket 14. september. Medlemmer av familien Henriksen, som med gjeldande vedtak vil miste hytta si, stod for to av klagene.

– Det verkar som fleire av dykk politikarar helst ville gjort det annleis, viss det hadde vore «tid» til det, skriv Runar Henriksen i si klage.

– Det betyr i bunn og grunn at forprosjekteringa ikkje har vore ideell når det gjeld vegval på denne strekninga, og som igjen fører til at ei mykje nytta hytte blir riven.

Henriksen peikar også på at synfaringa kom alt for seint. Den gjekk føre seg same dag som PMU handsama saka; åtte dagar før den vart vedtatt i kommunestyret.

– Synfaringa som var 6. september burde vore gjennomført mykje tidlegare for å kunne fått fram ankepunkt frå berørte bebuarar, og under kommunestyremøtet kom det tydeleg fram at det er fleire som ville gjort det annleis viss det ikkje var for løyvinga på 30 millionar.

30 millionar

Nettopp desse 30 millionane frå fylket var også tema i klaga frå Lena Romtveit. Ho hadde også kontakta fylkeskommunen for å høyre om det verkeleg er slik at ein ikkje ville få desse millionane dersom ein endra på planane. Svaret ho fekk var at dei 30 millionane ikkje er løyvd enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I forslag til nytt handlingsprogram for Telemark 2024-2027 er det føreslått å sette av 30 millionar kroner til dette prosjektet. Handlingsprogrammet er eit forslag og leggast ikkje fram til politisk handsaming før i 2024. Det er ikkje spesifisert kva for år prosjektet er tenkt å få løyving og løyvinga er ikkje vedtatt, skriv Øistein Brinck i fylkeskommunen ifølgje Romtveit.

– Dette er eit forhold underteikna meiner er grunnlag for at planutvalet og kommunestyret i Vinje må sjå på denne saka på nytt. Her er truleg rom for å gå i dialog med fylket om å gjere endringar basert på status for finansieringa.

Romtveit minner vidare om at det går an å ombestemme seg, også når det gjeld kva for side av fylkesvegen gs-vegen skal plasserast.

– Det visast også heile tida til at det er kommunestyrevedtaket om val av side for tiltaket som er bindande. – Eit politisk vedtak er gjeldande akkurat så lenge som til eit nytt er vedteke!

Tone Edland føreslo følgjande vedtak i saka, og fekk heile PMU med seg på dette:

«Klaga blir teke til følgje. Plan- og miljøutvalet ber administrasjonen utarbeide eit alternativt planforslag med flytting av vegkroppen, jf. synfaring (ved Haddi, Åsbekkdalen og Myrvang).»

Les også
GS-vegplanen på Rauland vedtatt utan endringar
Les også
Vedta eller vente? GS-vegen på Rauland skaper sterke kjensler