Smittestopp-appen er ute

FHIs smittestopp-app er tilgjengeleg for nedlasting for Android-brukarar.

Førebels er han ikkje tilgjengeleg hos Apple.

Regjeringa har varsla at smittestopp-appen blir lansert på ein pressekonferanse torsdag klokka 16.

Artikkelen held fram under annonsen.

Appen skal hjelpe styresmaktene med smittesporing, men kan òg brukast til å varsle brukaren om at han eller ho har vore i nærleiken av nokon som er smitta av koronaviruset.

(©NPK)