Blodig alvor: Ea Kristine Bakken er glad for den politske viljen til å støtte TV-aksjonen og overvelda over all den positive innsatsen i skulane. Men i år slit ho med å få bøsseberarar. – Denne aksjonen er soleklart mest relevant, og ein skremmande aksjon. Det gjeld barn i krig.

Slit med å få bøsseberarar. – Det gjeld barn i krig. Når ein ser på nyheitsbiletet er det til å grine blod av

– Det er kjempevanskeleg å få bøsseberarar i år, fortel Ea Kristine Bakken på Vinje frivilligsentral. – Eg veit ikkje om det er færre som vil eller færre som kan. Det er ikkje sikkert det går på viljen.

Årets aksjon er den sjette Bakken er med på å organisere, og temaet opplever ho som det viktigaste til no.

– Denne aksjonen er soleklart mest relevant, og ein skremmande aksjon. Det er barn i krig det gjeld. Når ein ser på nyheitsbiletet er det til å grine blod av heile greia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje ligg som regel høgt på statistikkane, og Bakken fortel at kommunen får inn om lag like mykje i bøssene som på vipps. Det har vore ei stabil kjerne av bøsseberarar over tid, og når no mange ikkje kan er det vanskeleg å erstatte desse. Bakken har ei liste på Facebook der dei ledige rodene er lista opp, og der ho slettar ei kvar gong ho får ein bøsseberar. Måndag morgon stod 26 roder ubemanna av til saman 68.

– Det er ei ekstra utfordring for meg som ikkje er vinbygge og ikkje veit kven som bur i kvar krik og krok. Det er ikkje så lett å vite kven eg kan ringe då.

Det manglar folk i heile kommunen, og mange roder dekker lange strekningar.

– Til dømes har me Fiskestigen og opp til Straumekrysset som ei rode – her er det store avstandar mellom kvart hus.

Men Bakken understrekar at det også er roder ein kan gjere til fots.

– Nedre Drotning i Åmot er til dømes ei kort, grei rode der ein ikkje treng lappen.

Kjempeinnsats frå skulane

Trass i utfordringane med å skaffe bøsseberarar, er situasjonen langt frå svart i Vinje. Bakken er veldig glad for at politikarane i Vinje i år har løyvd 100 000 kroner til TV-aksjonen.

– Tidlegare år har summen lege på 20-30 000 kroner, så her viser politikarane at dei ser kor viktig temaet er, seier Bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så er det skulane som gjer ein vanvittig innsats. Dei trekkjer inn om lag halvdelen av den innsamla summen i kommunen, og får inn nesten 1000 kr pr elev. Dei gjer ein heilt hinsides innsats.

Over snittet: I fjor fekk desse sju gutane frå Åmot skule inn 10 000 kroner til Leger Utan Grenser ved å ha hallingdansframsyningar ulike stadar i sentrum. Dei var med på å dra opp snittet per elev i Vinje, som ifølgje Bakken er på om lag 1000 kroner. Bak Teo Nestestog Tennant; midten f.v. Ingar Kostveit Seltveit, Iver Øyre Aaland, Halvor Nordheim, Vebjørn Groven; fremst f.v. Øystein Ringhus Bjaaen, Sigve Nessæther

Skulane gjer dessutan innsatsen av eiget tiltak, utan at frivilligsentralen er involvert. Edland skule har alt hatt basar med både loddboksal og åresal med gevinstar både frå næringslivet og ting elevane sjølve har laga. I Åmot er det open skule tysdag denne veka, og der er det også mykje forskjellig.

– Vaksenopplæringa står og lagar mat, og så har kvar klasse ansvar for kvart sitt klasserom. Det har til dømes vore aktivitetar som loppemarknad, spøkelsesrom, og stell av hår og neglar. Og så er det er loddsal, og også der er næringslivet inne og bidreg.

På Rauland hadde dei skuleløp før haustferien, der elevane skaffa sponsorar som betala ein viss sum for kvar runde elevane sprang eller gjekk i ei løype.

– Der er det også ein veldig innsats, og ein har sett at dei eldste elevane har tatt med dei yngste på ryggen når dei ikkje orkar meir, slik at dei tener inn to rundar på ei.

Seljord slit også

Det er ikkje berre Vinje som strevar med å skaffe bøsseberarar. Også i Seljord manglar dei om lag 1/4 av bøsseberarane måndag.

– Mange er jo veldig positive, det er berre at ein må finne fram til dei, seier Rikke Christine Roseng som leiar Seljord Frivilligsentral. Ho tok til i jobben for eit år sidan, og som Bakken er ho innflyttar og kjenner ikkje alle.

Treng fleire: – Alle som vil bere bøsse er hjarteleg velkomne, inviterer Rikke Christine Roseng på Seljord frivilligsentral. Det manglar bøsseberarar på om lag 1/4 av rodene i kommunen. Foto: privat

– I fjor hadde eg også ansvar for TV-aksjonen, og då fekk eg attendemeldingar om at nokre vart litt såra fordi dei ikkje hadde blitt spurt om å gå med bøsse. Men det var jo fordi eg ikkje visste om dei, forklarar Roseng.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig synd viss det blir slik. Alle som vil bere bøsse er hjarteleg velkomne – det einaste er at dei må vere over 18 år, eller gå saman med nokon som er over 18.

I Vinje fordelar Bakken alle rodene, medan Seljord organiserer TV-aksjonen på ein litt annan måte.

– Eg har mange samarbeid med lokale frivillige organisasjonar, der dei som har sagt ja får ansvaret for å finne bøsseberarar i sitt område.

Nokre område har ingen lag tatt ansvar for, og her er det Roseng sjølv som prøver å skaffe folk. Dette gjeld til dømes i Nordbygdi.

– Eg har i alle fall ein bøsseberar der oppe. Men det skulle ha vore tre eller fire.

I byggefelta ovanfor sentrum bruker folkehøgskulen å ta på seg mange roder, men i år er det ikkje så mange av desse som har meldt seg. Dermed manglar det minst 6 personar i dette området. Dessutan slit Flatdal idrettslag med å få nok bøsseberarar.

– Men dei fleste rodene me manglar folk på i Seljord er slike som ein kan gjere til fots, seier Roseng.

– Så då treng ein berre ordne seg skyss til banken for å levere frå seg det som er samla inn.