På besøk; Fyrstekandidat Oddbjørn Nørstrud hadde med seg statsråd Olaug Bollestad til Kvitsund i sommar. KrF er igjen det klart største partiet på den kristlege privatskulen.

Slik røysta skuleelevane

KrF vann «som vanleg» skulevalet på Kvitsund, medan Senterpartiet er det største partiet på Vest-Telemark vidaregåande skule.

4 av 10 elevar på Kvitsund gymnas røysta på KrF i skulevalet. Det er om lag på same nivå som ved stortingsvalet for fire år sidan, men monaleg ned om ein samanliknar med valresultata i samband med kommune- og fylkestingsvalet for to år sidan då KrF fekk heile 67,5 prosent.

Miljøpartiet dei Grøne (16,5 prosent) blei nest største parti på den vidaregåande skulen i Kviteseid. Dei hadde berre ein oppslutnad på 2,9 prosent for fire år sidan. Også Høgre fekk meir enn 10 prosent av røystene (11,7 prosent).

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuleval Kvitsund.

På Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen blei Senterpartiet det største partiet med ein oppslutning på 39,5 prosent. Det er fram 14,7 prosent samanlikna med valet for fire år sidan, og også ein framgang samanlikna med tala frå kommune- og fylkestingsvalet for to år sidan (34,6 prosent).

Arbeidarpartiet blei nest største parti med 27,1 prosent. Framstegspartiet fekk 10,1 prosent i valet på Dalen.

Skuleval Vest-Telemark vidaregåande skule.