Rovfugl: Eit skremande møte då rovfuglen stupa ned mot fuglehunden.

Skummelt rovfuglmøte på Rauland

— Det er visst ikkje heilt risikofritt å vera pointer på fjellet. Eg tok fram mobilen for å filme rovfuglen som flaug over meg. Ikkje hadde eg forestilt meg at den var på jakt etter Snuta, seier Kjersti Betten.

Under ein treningstur med fuglehunden Snuta på Rauland sundag fekk hundeeigar Kjersti Betten frå Høydalsmo eit overraskande nærmøte med rovfugl.

Betten trur det kan vere ørn eller fjellvåk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg såg rovfuglen i lufta, og tok opp telefonen for å filme han. Eg såg fuglen flaug over hunden, og stupa ned mot Snuta. Den andre gongen fuglen kom ned var han ganske nær hunden, fortel Betten.

Snuta verka heldigvis ikkje prega av hendinga.

Det var lite rype i området, men det er kanskje ikkje så rart …