Svartdalsvegen.

Skisserer fire alternativ for vegen: – Kostnaden vil nok vere vesentleg høgare enn det som er løyvd

I desember fekk Seljord kommune eit brev, underskrive av nær 100 svartdølar, med ei sterk oppmoding om å ruste opp Svartdalsvegen. Til veka skal politikarane ta stilling til vegen vidare.

I budsjettet for 2023, ba kommunestyret rådmannen om «å snarast leggje fram ei sak om ulike alternativ for å oppgradere Svartdalsvegen, for å sikre framkome for innbyggjarar, tilreisande og næringstrafikk». Politikarane løyvde 2,5 millionar kroner til vegen i 2023.

Les også
Nær 100 underskrifter på brev til kommunen: – Det er respektlaust av kommunen så til dei grader å nedprioritere innbyggjarane sine

No er saka klar for fyrste gongs handsaming i formannskapet. I sakspapira skriv sakshandsamar Ole Jonny Flatland at det enno ikkje har vore mogleg å gje eit eksakt forslag til utbetring og kostnadane for dette, «då det framleis er vinter i Svartdal».

Artikkelen held fram under annonsen.

I saka blir det skissert fire moglege alternativ for Svardalsvegen:

1. Utbetring av området frå brua ved avkøyringa til Skarsvegen og nordvest langs Svartdalsvegen. Dette området utpregar seg som særskild problematisk. «Der er det smalt og med ein god del telehiv, som gjer at ein fort kan slå nedi med ein vanleg personbil. Dette er eit strekke på cirka 750 meter med masse som må skiftast ut. Vidare bør vegen leggast med tverrfall for avrenning mot dalen og avslutningsvis skal vegen re-asfalterast. Fordelen med dette alternativet er at det som blir utbetra, truleg vil vera i god stand og krevje mindre vedlikehald i mange år framover. Ulempa er at ein får tatt eit mykje kortare vegstrekke enn ein kanskje kunne gjort med enklare løysingar», skriv sakshandsamaren i sakspapira.

2. Ny asfalt på så mykje av heile strekket løyvinga tillèt, der ein freser den eksisterande massen og legg ny. «Fordelen med dette er at det er ein relativt smal veg, slik at legg ein fem centimeter på den eksisterande asfalten så vil ein truleg komme eit godt stykke oppover vegen. Merk at ein stor del av det løyvde beløpet vil då gå til fresing. Vidare vil ikkje dette løyse problemet med vegbanen då problemet med vegen ikkje er asfalten, men vegkroppen», skriv sakshandsamaren.

3. Ein kombinasjon av alternativ éin og to, der ein deler inn i spesielt dårlege seksjonar, for så og skjere opp kvart enkelt parti og skifte ut massen og asfaltere på nytt. Fordelen med dette er ifylgje sakshandsamaren at ein «nok for tatt dei verste områda», men, som han skriv vidare, «det blir eit lappeteppe og dei seksjonane som ikkje blir tatt har lett for å bli dårlege».

4. Det siste alternativet er bruk av Crusher, som spesialiserer seg på rehabilitering av vegar. «Dette er ein kostbar variant, men dei gjenbruker den asfalten dei freser av og pressar den inn att i vegkroppen for å bygge opp». Dette alternativet må i så fall bli utreidd ytterlegare når det er snøfritt.

Administrasjonen meiner vidare at uavhengig av kva alternativ ein går for, vil opprustinga by på utfordringar. Primært knytt til kor framkomeleg vegen vil vera i anleggsperioden, då ein ikkje har «nokon god eller realistisk» omkøyringstrasé. Dette vil innebere at ein «må ta sikte på nattarbeid med parsellar som blir ferdigstilte kvar natt, slik at det er mogleg å passere på dagtid».

Denne siste faktoren vil gjere arbeidet med vegen «noko dyrare» enn ved omkøyring og dagarbeid, og om den samla kostnaden for jobben skriv sakshandsamaren fylgjande:

– Kostnaden på å ruste opp denne vegen til god standard vil nok vere vesentleg høgare enn det som er løyvd, slik at dette er eit arbeid som må tas over fleire år, der ein startar med det mest prekære området og tar parsell for parsell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Administrasjonen tilrår at politikarane går inn for alternativ éin og set av opp til 300 000 kroner (før moms) frå den løyvde summen på 2,5 millionar kroner «til å sjå på ein heilskapleg opprustingsplan for Svartdalsvegen».

Tilrådinga frå administrasjonen

Rådmannen tilrår at kommunestyret går for alternativ 1 og at det blir sett av inntil 300.000 pluss mva av den løyvde summen til å sjå på ein heilskapleg opprustingsplan for Svartdalsvegen. Då gjerne med bruk av eitt eller fleire av dei andre skisserte alternativa. Vidare at rådmannen får delegert mynde til å setje i gang prosessen med vidare arbeid slik at det som er planlagt gjort i 2023 faktisk blir gjort i 2023.