Blir erstatta: Det gamle rasoverbygget i Fjågesund skal bli erstatta med eit større og sikrare.

Skal ha nytt rasoverbygg på vegen til Fjågesund

No er konkurransen om kven som skal bygge ny rassikring på å to fylkesvegar midt i Telemark i gang.

Prosjektet består av bygginga av tre tunnelportalar og eit nytt rasoverbygg langs fylkesvegane 3320 og 3324 i Kviteseid og Nome kommunar. Den mest omfattande delen av prosjektet blir å erstatte dagens rasoverbygg ved Fjågesund. Det nye skal bli vesentlege kraftigare og samtidig bli bygd 25 meter lenger enn det gamle. Mens dagens overbygg er bygd i tre, vil det nye ha ei kraftig horisontal betongplate som tak. På overflata av bufferen vil det bli lagt ei pute av jord og stein som skrår utover mot vatnet. Bufferen vil dermed både dempe fallet til nedfall frå fjellet, men også styre nedfallet utanfor vegbanen.

I området er det også to tunnelar. Fjågesundtunnelen skal få portalar som blir bygde 12–15 meter ut frå begge sider, mens Omnestunnelen skal få ny portal på vestsida. Også denne skal bli like lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konkurransen er kunngjord som ein totalentreprise, slik at entreprenøren står for både byggjeteikningar og bygginga av prosjektet. Fristen for å levere inn tilbod er sett til 1. desember i år, opplyser byggjeleiar Terje Blekaberg Kaasa i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Det er Anne Refsdal som er prosjektleiar i prosjektet. Når fristen er gått ut, vil fylkeskommunen gå i gang med å vurdere tilboda. Planen er at signering av kontrakten kan gjerast i løpet av vinteren eller seinast vinteren neste år. Begge dei to fylkesvegane må i periodar stengjast, men aldri samtidig. Byggeperioden kan strekke seg ut til 2024.