Seljording registrert smitta, men prøva er tatt i ein annan kommune

Smittesporingsteamet i Seljord har ikkje fått noko beskjed om vedkomande.

Det melder Seljord kommune tysdag.

Dei er gjort kjent med at ein person som er registrert busett i Seljord har testa positivt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prøva er ikkje tatt i Seljord og lokalt smittesporingsteam har førebels ikkje fått noko beskjed om vedkomande. Det er ikkje påvist covid-19-smitte i Seljord, melder kommunen.