Nora Aas Lund (t.v.), Ingrid Vågslid, Irmelin Trøite og Ingrid Øygarden inviterer ungdom i 7. til 10. klasse til Vinjehuset 26. januar.
Nora Aas Lund (t.v.), Ingrid Vågslid, Irmelin Trøite og Ingrid Øygarden inviterer ungdom i 7. til 10. klasse til Vinjehuset 26. januar.

Samlar unge til aktivitetsnatt

– Me ynskjer å samle unge i Vest-Telemark frå 11 til 16 år på Vinjehuset til ein kveld og ei natt med sumobryting, fotball med promillebriller og mykje anna moro, seier firkløveret i Aktiv UB.

Vinje

– Det er mange ungdommar som har sagt at dei har lyst til å kome, og me håpar det blir mange på arrangementet vårt som startar på laurdagskvelden 26. januar og som varar til morgonen på 27. januar, seier Irmelin Trøite, ei av dei fire jentene i Aktiv UB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aktiv UB er ei ungdomsbedrift starta av fire 2.-klassingar ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

– Me ynskjer å skape meir aktivitet for unge, eit anna tilbod enn tradisjonell fotball eller det som skjer i kulturskulen. Me vil at unge skal kome saman, bli kjent med kvarandre på tvers av skular og bygder, og ha det moro saman, seier Trøite.

Får hjelp av fleire vaksne

I fjor haust kom ideen om å halde ei aktivitetsnatt på Vinjehuset.

Til arrangementet har jentene fått med seg to lærarar frå vidaregåande, i tillegg til fleire andre vaksne som skal vere vakter gjennom natta.

– Alle som kjem må betale ein liten inngangssum, men i denne er det inkludert mat og drikke, fortel Trøite.

Ein arena til å få nye vener

– Me vil mellom anna ha tilbod om sumobryting, fotballturnering med promillebriller og bumperball, og me vil halde ei turnering der me vil ha blanda lag med unge i ulike aldrar og frå ulike skular, fortel Trøite som lovar at det blir premie til vinnarane.

– Korleis når de ut til dei unge med informasjon om aktivitetsnatta?

– Me har ei eiga side på Facebook og på Snapchat, og me besøker ulike skular for å informere om arrangementet. Me har mellom anna vore innom skuleklasser på Dalen, og skal på besøk til ungdom i Haukeli, Åmot og Rauland denne veka, seier Trøite som håpar at ungdom frå heile Vest-Telemark kan møtest på aktivitetsnatta ungdomsbedrifta deira skipar til.

Artikkelen held fram under annonsen.

tone.tveit@vtb.no