Samlar inn pengar mot kreft: Daniel Knutsen (f.v), Jørgen Yndestad Ofte, Hans Christian Erikstad, Irmelin Trøite og Marianne Haugland er alle saman tredjeklassingar ved Vest-Telemark vgs. I vår skal dei samle inn pengar til inntekt for kreftsaka.

Russen skal samle inn pengar til kreftsaka

– Ein tredel av befolkninga får kreft i løpet av livet, og då synest me det er viktig å bidra, fortel russepresident på Vest-Telemark vgs. på Dalen, Marianne Haugland.

Det er ein årleg tradisjon at russen samlar inn pengar til kreftsaka gjennom «Krafttak mot kreft» ein innsamlingsaksjonen som blir arrangert av Kreftforeininga. I år er temaet for innsamlinga kreftformer som få overlever. I dag overlever faktisk tre av fire nordmenn kreft, men nokre typar kreft kjem langt dårlegare ut. Til dømes er det berre to av ti som overlever lunge-, galleblære-, lever- og spiserøyrskreft, og berre éin av ti overlever bukspyttkjertelkreft.

– Sidan nitti prosent av alle menneske kjenner nokon eller har hatt kreft veit alle korleis det er, meiner Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Russen har klart å rekruttere fyrsteklassingane til å vere med å samle inn pengar. Dei besøkte klasseromma og fortalde om kor mange som får kreft.

– Alle veit om kreft, men ikkje alle veit kor mange som får det, fortel Haugland.

– Pengane skal gå til forsking, men også til pasientane og dei pårørande slik at dei har det bra, fortel medelev Hans Christian Erikstad.

Bankar på dørene 15. mars

Sundag 15. mars er ungdomane klare for å gå med bøsse i Tokke, Vinje og Fyresdal.

– Me vil at folk skal vite at me kjem, fortel Irmelin Trøite.

Folk kan sjølvsagt gje kontantar, men dei som ikkje har slikt liggande kan vippse eller donere via heimesida til Kreftforeininga.

Engasjert russ: Marianne Haugland (f.v.) frå Vrådal, Irmelin Trøite frå Bøgrend og Hans Christian Erikstad frå Høydalsmo meiner det er viktig å støtte kreftforskinga.

– Om ikkje alle kan bidra med pengar kan det vere fint å bidra med eit glas saft eller ein bolle er noko til dei som går med bøsse også, seier Haugland.

Russen fortel at dei har rekruttert fleire bøssebærarar enn tidlegare, og håpet er at det skal få utslag i innsamlingsbeløpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er faktisk russen som bidrar mest innanfor «Krafttak mot kreft». Det er derfor russen er så bra, seier Haugland.

– Eg trur dei fekk inn over 80 000 i 2017. Det hadde vore moro å slå det, seier Trøite.