Rune og Cecilie skal klatre verdas høgaste fjell – men fyrst kjem dei til Vinjehuset

Onsdag skal vinbyggjene Rune Hana og Cecilie Nesheim halde føredrag på Vinjehuset. Seinare i vår skal dei klatre verdas høgaste fjell, Mount Everest.

Dei har som mål å klatre det høgaste fjellet på kvart kontinent til tross for utfordringar med kroniske sjukdommar. I april/mai skal dei klatre verdas høgaste fjell, Mount Everest (8849 moh).

På Vinjehuset vil dei snakke om det å tore å drøyme, og ikkje tenkje så mykje på kva andre tenkjer. Dei vil snakke om verdien av ein «sosial pause» altså pause frå sosiale medium, e-post og kvardagens stress. Dei har ein sterk personleg motivasjon i å satse på berekraft, slik som å nytte lokale krefter og ressursar i områda dei vitjar på ein respektfull måte. Her er det ikkje eit rekordjag eller personleg realisering som står i fokus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje dei kan vere med å skape noko i lokale bygder og samfunn dei møter. Kanskje kan dei tenne ein gnist hjå andre som kan finne sitt eige Mount Everest der framme eller i kvardagen? skriv Vinje kommune i ei pressemelding.

Kommunen stør opp om ei føredragsrekke, og i denne omgangen er det Vinje Folkeakademi som er tilskipar i førekant av den store påskequizen i festsalen på Vinjehuset.