Rektor etter avgjerda om å behalde Lio-bygget. – Veldig skuffa
– Eg håpar me tek til fornuft i dag og går for å bygge heilt nytt, sa Tor Eikland Lunde (H). Han fekk applaus frå skuleelevane som høyrte på debatten om Tokke skule i kommunestyret.
Men sjølv om denne ytringa tydelegvis var musikk i øyro på sjuandeklassingane frå Tokke skule, hamna Lunde i mindretal saman med Arbeidarpartiet, SV og Frp. Dei ønsker å gjere som kommunedirektøren rådde politikarane til – å rive alt av dagens Tokke skule og bygge nytt.
Fleirtalet, dei tolv representantane til Sp, KrF og MDG, ønsker å bygge ny skule, men behalde den eine delen. Nemleg fløya som alt har vore mykje omtalt, og som går under namnet raudbygget eller Lio-bygget/fløya. Her er det spesialrom som skulekjøkken og sløydsal. Sp, KrF og MDG ønsker å behalde denne delen og utføre «enkelt oppussing» her.
Årsaka til dette er at dei vil halde seg innafor ei ramme på 100 millionar kroner, og meiner dei ikkje vil klare det om dei også skal bygge nye spesialrom. Dei meiner også romma dei har i dag er større enn dei vil bli om det blir bygd heilt nytt.
– Veldig skuffa
Skule engasjerer eit lokalsamfunn, og det var sjeldan folksamt under tysdagens debatt. Kort tid før debatten om Tokke skule tok nemleg 7. klasse plass på galleriet til kommunestyresalen. Elevane fekk både snakke med lokalpolitikarane og høyre på store deler av debatten. Etter Høgre-representanten Tor Eikland Lunde sitt innlegg, som han avslutta med dei tydelege orda:
«Eg håpar me tek til fornuft i dag og går for å bygge heilt nytt», hausta han applaus frå skuleelevane.
Ordførar Jarand Felland (Sp) opplyste om at ein ikkje skal gje applaus, kome med tilrop, buing eller liknande under debattar i kommunestyret, så sjølv om meininga som elevane gav uttrykk for, ikkje var den same som fleirtalet i salen, fekk dei ein praktisk leksjon i korleis lokaldemokratiet fungerer.
Mona Skaufel Seltveit er rektor på Tokke skule og hadde også tatt turen for å få med seg debatten. Ho er saman med prosjektleiar John Kjell Lien, kommunalsjef for teknisk Arvid Moen, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Tone Lunde Skaalen, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Ingrid Vadder og eigedomsforvaltar Andreas Brubakk, ein del av ei arbeidsgruppe som har jobba med kva som skal bli det vidare arbeidet med Tokke skule.
– Tilstanden på Lio-fløya er ikkje bra. Luft og inneklima er så elendig. Det er ikkje verdt å bevare, og særleg ikkje når dei ikkje har tenkt å pusse opp noko særleg heller, seier Skaufel Seltveit til VTB.
Ho er også uroa for SFO-rommet, som ho fortel er lite og at berre to av dei fire klassene som er på SFO har plass til å ha garderobe der. Det betyr at dei ungane som har garderobe ved klasseromma sine må ha med seg personale når dei skal bort dit, og då blir det færre vaksne igjen på sjølve SFO.
Etter ordføraren hadde klubba saka var ho skuffa.
– Ja, eg er veldig skuffa på vegner av ungane og dei tilsette, seier ho.