Statsminister Jonas Gahr Støre ønskjer å vise ei klar retning og satsing på psykisk helse når regjeringa legg fram det alternative statsbudsjettet sitt måndag. Her er statsministeren på Utøya saman med blant andre den tyske forbundspresidenten, Frank-Walter Steinmeier, og AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Regjeringa løyver 50 millionar ekstra til psykisk helse

I det alternative statsbudsjettet sitt legg regjeringa inn 50 millionar kroner ekstra til psykisk helse.

– I eit veldig trongt rom, som eit slikt tilleggsbudsjett er, har vi valt å leggje inn dette, som viser ei tydeleg retning, seier statsminister Jonas Gahr Støre til TV 2.

40 av desse millionane skal gå til tverrfaglege og oppsøkjande team som bidreg med undersøkingar, behandling og oppfølging. Dei siste 10 millionane blir øyremerkte til lågterskel psykisk helsehjelp i kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal vi få til det vi har snakka om: ein tidleg innsats for unge menneske. Dei skal få hjelp og rettleiing utan tilvising, seier Støre.

Regjeringa legg fram det alternative statsbudsjettet sitt måndag 8. november.

(©NPK)