Alfred Bjørlo (V) reagerer på at regjeringa ikkje vil setje av pengar til kontorplassar for statstilsette som vil arbeide i distrikta. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK

Regjeringa droppar pengar til kontorplassar i distrikta

Regjeringa droppar å bruke 10 millionar kroner på «distriktshubbar» der statstilsette kunne jobbe.

I forslag til statsbudsjett for 2022 løyvde Solberg-regjeringa 10 millionar kroner som skulle bidra til etablering av kontorfellesskap i form av såkalla «distriktshubbar». Pengane skulle brukast til å samordne aktørar frå offentleg og privat sektor som legg til rette for, planlegg og set i gang kontorfellesskap for fjernarbeid.

Men i budsjettforslaget frå den nye AP/Sp-regjeringa er satsinga vekke, melder Fjordabladet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) reagerer sterkt. Han kallar det eit paradoks at regjeringa «som smykkar seg med store ord om distriktsarbeidsplassar» vel å fjerne ei ordning «som nettopp har til hensikt å stimulere til å flytte folk ut i distrikta».

Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet forsvarer kuttet.

– Det er allereie fleire aktørar som tilbyr slike kontorfellesskap rundt om i landet. Det er derfor liten grunn til vi skal bruke statlege middel til dette. Det vil i tillegg kunne oppfattast som konkurransevridande dersom staten skulle støtte denne type investeringar, seier ho til NRK.

(©NPK)