Prøvde å få mildare straff – avtalte å seie at begge hadde køyrd bilen

Då politiet stansa to menn fordi dei mistenkte køyring i påverka tilstand sa både førar og passasjer at dei begge hadde køyrd bilen. Det stemte ikkje, men passasjeren er nå dømt for medverknad til ruspåverka køyring.

I august for eitt år sidan stansa politiet ein bil på ein parkeringsplass i Vest-Telemark, og føraren av bilen fekk positivt utslag på promillemålinga. Politiet observerte kven av dei to mennene som var førar og kven som var passasjer, men mannen som var passasjer då dei vart kontrollert av politiet, sa i avhøyr at han tidlegare på kvelden også hadde køyrt bilen.

Prøver som vart tatt på politistasjonen i Vinje viste at begge hadde promille, og passasjeren vart derfor tiltalt for både køyring med promille på 1,28 og medverknad til fyllekøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då saka gjekk i Telemark tingrett i Kviteseid tidlegare i august erkjente tiltalte straffeskuld for medverknad til køyring i ruspåverka tilstand. At han sjølv også hadde køyrt bilen var berre noko han fann på for å få mildare straff. Dei to mennene skal fyrst ha drukke alkohol på ei privatadresse før dei køyrde bil til ein serveringsstad og seinare køyrde til ein ny pub. Tiltalte forklarte at dei to avtalte at dersom dei vart stoppa skulle dei seie at dei begge hadde køyrt. Forklaringa stemmer i all hovudsak med forklaringa til sjåføren.

Mannen som er i 20-åra og har bustadadresse utanfor Vest-Telemark, vart i retten dømt til fengsel i 24 dagar, 30 000 kroner i bot og mistar førarkortet i to år. Han må også betale 2500 kroner i sakskostnadar.