Prislappen på koronatiltaka så langt: 125 milliardar kroner

Regjeringa har så langt brukt 125 milliardar kroner på koronatiltak, viser nye utrekningar. Summen inkluderer 6,1 nye milliardar som blir sette av for hausten.

– Mange næringar og sektorar er framleis hardt ramma. Dei nye tiltaka skal bidra til at vi har eit livskraftig og variert næringsliv, kulturliv og transporttilbod òg etter korona, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Dei nye tiltaka er berekna å koste 6,1 milliardar kroner i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste utrekningane for kor mykje koronatiltaka har kosta så langt er nedjusterte både når det gjeld utbetalingar via folketrygda og for enkelte av ordningane som vart innførte tidlegare i år.

Den totale prislappen, inkludert dei nye seks milliardane, er berekna til 125 milliardar kroner.

– Krisa er ikkje over, men vi er inne i ein annan fase enn vi var i vår. Det krev at vi skiftar modus i krisehandteringa. Vi må leggje betre til rette for aktivitet og omstilling og i større grad sjå framover mot dei meir langsiktige utfordringane vi går i møte, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).