Nytt bibliotek: I kommunestyret 7. desember vart det vedtatt å flytte biblioteket i Kviteseid til dette sentrumsbygget i Garverivegen 6. Fleire politikarar har reagert på prosessen i forkant av vedtaket.

Politikarane ynskjer lovlegheitskontroll dersom saka ikkje blir tatt opp på nytt i kommunestyret

Fire politikarar i Kviteseid har anka saka om flytting av bibliotek og andre kommunale tenester. Dei ynskjer at saka skal opp på nytt i kommunestyret.

– Me meiner saka skal takast opp til ny politisk handsaming i kommunestyret, skriv dei fire Ap-politikarane i Kviteseid i ein e-post til ordførar Tarjei Draugedal (KrF) og kommunedirektør Laila Thorsen.

Saka dei viser til er samlokalisering og flytting av bibliotek og kommunale tenester som var oppe i kommunestyret 7. desember. Politikarane reagerte på at kommunedirektøren endra tilråding rett før kommunestyremøtet og opplevde voteringsprosessen som uryddig. Ordførar Tarjei Draugedal trur ikkje dei kan be om å få saka tatt opp på nytt i kommunestyret. Like før jol sende han ein e-post til politikarane og spurde om det var lovlegheitskontroll dei meinte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik me les møtereglementet er ikkje ankeretten avgrensa for avgjersler i kommunestyret. Me meiner det er naturleg at saka om samlokalisering og flytting av bibliotek og kommunale tenester, som resultat av anka, blir teke opp til ny politisk handsaming i kommunestyret. Dersom ulike tolkingar av møtereglementet påverkar vidare handsaming i ei anna retning ber me om ei grunngjeving og at det gjennomførast ein lovlegheitskontroll, skriv Silje Aakre, Bjørn Håvard Olsen, Solveig Nekstad Grave og Tone Martinsen Heggtveit frå Kviteseid Arbeidarparti.

Kommunedirektør Thorsen lovar at politikarane skal få svar på spørsmålet sitt til kommunestyremøtet 15. februar.