Vilje vil feire Bygdepride i heile Vest-Telemark. Nå er det Tokke sin tur
Snart er det igjen klart for Bygdepride i Vest-Telemark. Aarrangøren Vilje har nå flytta til Vinje.
Eit kupp.
Slik skildrar Vilje den nye heimen sin. Ho har nemleg kjøpt sitt fyrste hus, den vesle plassen Jordstøyl i Vinje kommune, ikkje lange stubben frå kommunegrensa til Tokke. Det vesle huset er lite og sjarmerande. Men då Vilje kjøpte huset var det lenge sidan det hadde budd folk der. Berre eitt lys fungerte. Ikkje var det vatn heller. Og doen var på låven. Vilje flytta inn likevel.
- Folk har jo budd her før, då kan eg også.
Nå er plassen rydda og to handverkarar er i gang med å pusse opp. Doen på låven kan ikkje brukast for alltid. Det blir nytt bad inne. Kaffimaskina er på plass på kjøkkenet. Og denne dagen har Vilje heisa Pride-flagget.
- Det flagget betyr tryggheit for meg. Når eg er i utlandet og ser eit Pride-flagg kjenner eg meg trygg. Pride-flagget er mitt fyrtårn.
Frå Tommy til Vilje
I sin fyrste del av livet var Vilje gut og heitte Arvid Tommy, men for eit par år sidan bytta ho namn til Vilje og skifta juridisk kjønn frå mann til kvinne. I haust gjekk Vilje gjennom operasjonar for å bli kvinne.
- Eg valde namnet Vilje fordi eg alltid har elska Vinje, og fordi eg er viljesterk og alltid får viljen min.
Framleis er det nokon som gløymer seg og kallar henne Tommy. Ho svarar då også.
- Men det er rart.
Ho har lenge kjent seg som jente, og i Vest-Telemark har ho blitt kjent for å arrangere og markere Pride i kjole, høge hælar og kvinnebunad. Ho arrangerte Bygdepride for fyrste gong i heimkommunen Seljord i 2022 – ein draum som då vart oppfylt. Nå er Vilje 22 år, og kjente ho måtte leve fullt ut som den ho er.
- Eg kan ikkje stå å skrike at alle må vere seg sjølve, om ikkje eg også er meg sjølv. Det blir dobbeltmoralsk.
Nå er ho endeleg den ho skal vere.
- Eg har følt meg som eit «freakshow» i mange år. Nå føler eg meg meir som ei i mengda.
- Eg føler litt at eg har svikta det homofile miljøet. Eg har lenge kjempa for dei homofiles rettar, men nå kjenner eg meg meir som ein alliert.
- Men kampen står like sterkt hos meg. Kanskje endå sterkare på grunn av tida me lever i. Det er sprøtt i USA. Og det rører seg også i Europa. Sjå på Ungarn.
- Eg føler det blir meir og meir hat. Det tek liksom ikkje slutt.
Framleis trygg
Vilje kjem frå Flatdal og elskar heimbygda og heile Vest-Telemark. Å flytte til ein by fristar ikkje.
- Det er ingen stad eg kjenner meg tryggare enn her i Vest-Telemark. Her kjenner jo alle meg, og det er liksom ikkje moro lenger å tulle med kven eg er.
Dagen etter VTB har vore på besøk hos Vilje på Jordstøyl skjer det likevel noko som er ubehageleg. Det er laurdag og litt før midnatt dukkar det opp ein gutegjeng heime hos Vilje. Ho fortel at dei dunka på veggane, ropa krenkande ting og framstod som trugande. Det heldt på i nesten to timar før dei reiste. Vilje heldt seg inne i 2. etasje i det vesle huset sitt og varsla politiet. Dei kom og forsikra om at gutegjengen hadde reist.
Vilje fortel at opplevinga var svært ubehageleg og håpar inderleg det ikkje skjer igjen. Ho fortalde også om hendinga på Facebook, og skriv:
- Eg håpar dei som stod bak tek seg tid til å reflektere over handlingane sine, og at foreldre vurderer om barna deira kan ha vore i området på det aktuelle tidspunktet.
- Kjenner du deg framleis trygg her i Vest-Telemark?
- Ja. Eg kjenner meg trygg. Men er meir observant. Det skal meir til for å skremme meg vekk.
For Vilje er vant til å få meldingar med hat og stygge kommentarar. Ofte av folk ho ikkje kjenner og aldri har prata med. I jobben som flyvertinne, eller kabinpersonale (Vilje likar ikkje ordet kabinpersonale, ho er flyvertinne), opplever ho stadig kommentarar frå reisande. Det er krevjande. Men ho opplever også støtte og solidaritet frå kollegaer.
Vilje ler høgt når ho fortel om meldingar ho har fått. Trekker på skuldrene.
- Det går ikkje inn på meg. Eg har levd i ein «roller coaster» i så mange år. Dette går ikkje inn på meg.
Ho kan trekke på skuldrene, vitse og le høgt og smittande av dei stygge meldingane ho får. Humor kan det jo bli av det meste, for den som har den evnen. Og det har Vilje. Men kvifor folk bryr seg så mykje om andre, det skjønnar ho ikkje.
Inviterer til låvefest
I 2021 arrangerte Gisle A. Gjevestad Agledahl Pride i Fyresdal. Det var tidenes fyrste Pride i Vest-Telemark. Året etter tok Vilje initiativ til å lage Pride i Seljord, i 2023 var det Kviteseid sin tur og i fjor var det Bygdepride i Vinje. I år har turen kome til Tokke, og då er det berre Nissedal igjen. Planen var eigentleg å arrangere Pride i Nissedal i år, men det vart utsett.
Drivkrafta for å arrangere Pride er å vise mangfaldet. Og Vilje gjer det for dei ungdommane som har det slik ho sjølv hadde det.
- Eg vil vise mangfaldet, og vise at det er normalt. Pride handlar om grunnleggande menneskerettar, meiner Vilje.
Årets Bygdepride er eit samarbeid mellom Vilje og Tokke kommune, og blir 14. juni på Dalen, med parade, musikk, danseshow, mingling og appellar. Etterpå inviterer Vilje til låvefest heime på Jordstøyl.
- Eg håpar alle over 18 år kjem. Du er aldri for gamal, er du 70 år og sit heime og kjedar deg så kom. Dette blir kjempekoseleg uansett.
I mellomtida håpar ho oppussinga på Jordstøyl går unna, at badet er ferdig og huset måla før kalenderen viser 14. juni. For til den vesle plassen ho er i ferd med å sette i stand kjem det då 45 overnattingsgjester.
Vilje trivst godt på Jordstøyl, men skal ikkje bu her for alltid.
- Dette er prosjektet mitt nå. Eg skal pusse opp her, og så skal eg finne eit nytt prosjekt. Det kan gjerne vere eit «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-prosjekt.
Gjerne i enden av ein lang og kronglete veg. Og sjølvsagt i Vest-Telemark.
- Om nokon har ein liten fjellhyllegard dei vil selje, sei ifrå så kjem eg på mine høge hælar.