Leiteaksjon: Norske Redningshunder er med å leitar etter den sakna mannen i området kring Ravnjuv.

Sakna mann funnen død

Ein mann frå Seljord vart onsdag meldt sakna. Torsdag melde politiet om funn i Ravnejuv, og seier at det skal vere den sakna som er funnen.

Onsdag kveld melde politiet på Twitter at bilen til den sakna var funnen parkert ikkje langt frå Ravnejuv. Fram til torsdag middag vart det leita med frivillige og hundepatruljar. Søk med helikopter vart også sett i gang.

Det var onsdag kveld at politiet gjekk ut med ei melding på Twitter om at ein mann var sakna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personen hadde truleg køyrd av garde i bilen sin, ein brun Mercedes, opplyser politiet.

Det var uvisst når mannen, som er i 80-åra og bur åleine, køyrde frå adressa si.

Ifylgje Varden var det naboar som melde mannen sakna etter at postkassa blei sjekka, og det viste seg at han ikkje har henta avisa sidan 4. juni.