Trafikkontroll: Den siste veka har politiet halde fleire kontrollar inne i fjellet. Denne føraren blei målt til 204 kilometer i timen inne i Mælefjelltunnelen på E134, men politiet klarte ikkje å stoppe føraren.

Politiet: – Det er trist om det må skje ei dødsulykke før noko skjer

76 prosent av alle som har køyrd gjennom Mælefjelltunnelen har høgare fart enn 80 kilometer i timen, som er den tillatne fartsgrensa. Politiet fortvilar og ynskjer å få på plass automatisk trafikkontroll.

Trafikkoordinator i politiet i Sør-Aust, Nils Anders Bruun, meiner det er urovekkande mange som køyrer for fort i den 9,4 kilometer lange Mælefjelltunnelen. Ein billist vart førre torsdag målt til 204 kilometer i timen, og er ikkje den einaste som har halde svært høg hastigheit.

– Det er registrert fleire som har køyrd opp mot 200 kilometer i timen i tunnelen. Når ein køyrer så fort passerer 50–60 meter i sekundet, seier Bruun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier at politiet framleis jobbar med å finne ut kven føraren av den kvite Mercedesen er, og at dei har ein god del ting å arbeide med.

– Men politiet vil gjerne ha fleire tips, oppmodar han.

Les også
Torsdag blei ein bilist målt til 204 kilometer i timen gjennom Mælefjelltunnelen

– Me såg problemet med høg fart på førehand

Bruun var førebudd på at det lange rette strekket i tunnelen ville resultere i høg fart, og seier at politiet frykta problemet på førehand.

Han er fortvila over at heile 76 prosent av billistane som har køyrd gjennom fjellet på den nye europavegen held høgare fart enn det som er lovleg.

Politiet har halde fleire kontrollar og har mellom anna skrive ut 113 forelegg den siste veka. Men Bruun ser at det er eit ynskje å få på plass automatisk trafikkontroll.

– Det er trist om det må skje ei dødsulykke før noko skjer. Det er ynskjeleg med strekningsmåling, seier Bruun og meiner det har vore eit ynskje frå politiets side heilt sidan tunnelen vart opna.

– Men det er ikkje politiet som kan ta denne avgjerda, den ligg hos politikarane - og den blåblå regjeringa er ikkje så hissige på fleire ATK-boksar, seier Bruun.

Men han vil ikkje la saka ligge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil gå i dialog med Statens vegvesen for å få på plass ein ATK-strekningsmålar, seier Bruun.

Les også
Brannvesenet er klare for oppdrag i tunnelen: Fryktar det blir ei fartsstrekning