GPS: Politiet åtvarar mot GPS-tjuvar. Bildet er frå eit tjuveri frå ei gravemaskin på Jevnaker i haust.

Politiet åtvarar mot tjuveri frå anleggsanlegg i joli

Lite aktivitet på anleggsområda i jolehøgtida, passar tjuvane godt. Politiet ber bransjen vera føre var.

I starten av desember meldte politiet om innbrot i tre anleggsmaskinar på Manheimstrondi i Seljord. Blant det som var stole var fleire GPS-ar til «betydeleg verdi».

Fredag sendte politiet ut pressemelding. Fleire politidistrikt har meldt om liknande tjuveri.

Artikkelen held fram under annonsen.

– GPS-utstyret er dyrt og det er all grunn til å tru at det er grupper som er spesialiserte på denne type verksemd som står bak tjuveri, seier Bård Olav Fossan ved Drammen politistasjon i Sør-Aust politidistrikt.

– Me går nå inn i julehøgtida med svært avgrensa aktivitet på anleggsområda. Politiets oppmoding til firma som eig slik maskinar er at ein tek forholdsreglar med tanke på å unngå tjuveri. Anten kan ein fjerne dette utstyret frå maskinane, eller at ein i alle fall parkerer maskinane på område som er godt opplyst og med innsyn, melder Fossan vidare.

Politiet har vore i kontakt med nokon av dei store entreprenørfirmaa for å åtvare mot denne typen kriminalitet.