Illustrasjonsfoto

Politi og vakter på Dyrsku’n kostar meir enn ein halv million

Nå blar Seljord kommune opp meir for å hjelpe Dyrsku’n med rekninga.

For å få arrangementsløyve av politiet, må Dyrsku'n Arrangement AS, som arrangør av Dyrsku'n, godta å vere ansvarleg for kostnadane til politi og vakthald på og rundt Dyrskuplassen og i Seljord generelt under Dyrsku'n si opningstid og på kveld/natt.

Politiet har i år pålagt Dyrsku’n Arrangement AS å dekke delar av politiet sine kostnadar med 215 000 kroner. Det er ein føresetnad om godkjente ordensvakter – kostnadsrekna til 348 000 kroner. Dermed blir den samla kostnaden for Dyrsku’n på 563 000 kroner for politi og ordensvakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dyrsku-arrangementet er veldig stort og komplekst i eit lokalsamfunn som Seljord. Det er viktig at det blir halde ro og orden i bygda, også når kjem så mange besøkande. Lokale politistyrker har ingen moglegheit til syte for tryggleik, ro og orden for den store auken i befolkninga i Seljord for Dyrsku-helga, skriv rådmannen i saka til kommunestyret.

– Rådmannen er av den oppfatninga at det er politiet sjølv som bør dekke sine ekstra kostnadar i samanheng med å halde ro og orden under arrangement også i distrikta. Men politilova heimlar refusjon der politiet ikkje har tilstrekkelege ressursar, og det har dei ikkje i vår region, heiter det vidare i saksutgreiinga.

Formannskapet i Seljord føreslår å auke det kommunale bidraget frå 75 000 kroner til 100 000 kroner. Kommunestyret har siste ordet – torsdag etter at Dyrsku’n er ferdig.