Planutvalet var delt, dobbeltrøyst avgjorde hyttesaka: – No er det snart ferdig der oppe

Grunneigar Jostein Vågslid fekk i mars godkjent framlegg til reguleringsplan for fortetting av eit hyttefelt ved Arbuviki (99/8) i Vågslid.

Dette var noverande planutvals fyrste handsaming av saka, men planforslaget var oppe i same organ i førre kommunestyreperiode, og vart då slanka monaleg. Halvparten av hyttetomtene, 13 av 26, vart tekne ut.

– Me har bede om ein del ekstra, sa sakshandsamar Anne-Sofie Bergene Strømme til dei folkevalde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane var delte i saka – utvalsleiar Tone Edland (Sp), som med si dobbeltrøyst vart tunga på vektskåla då planen vart vedteken, meinte dei ikkje hadde grunnlag til å seie nei til planforslaget slik det no låg føre.

– Dei har teke ut 13 tomter og føya seg etter alt dei har blitt bedne om – det ligg inne i området som er regulert til bygging, og fylkeskommunen har ikkje nokre motsegn, sa Edland.

– No er det snart ferdig der oppe også, me har sagt nei til bygging på sørsida, la ho til.

Både Irja Godal (Bygdelista) og Svein Ekre (Ap) var uroleg for effekten auken i talet på hytter har på villreinen. Sistnemnde har vore leiar i Austheii villreinlag i 25 år, opplyste han om.

Samde: Både Vidar Sæther (t.v.: DNI/uavhengig) og Tone Edland (Sp) meinte trafikken til og frå Haukelisæter var meir skadeleg for villreinen enn eit tettare bygd hyttefelt i Arbuviki. I midten: Kjetil Nessæther (Sp).

– Fortetting vil føre til auka ferdsel ut i naturen. Dette ligg midt mellom to villreinområde, så dei kjem til å bli påverka, meinte Godal.

– Eg synest det er betre å fortette enn å byggje nytt. Eg trur til dømes det er meir utfordrande for villreinen med trafikken frå Haukelisæter, kontra Vidar Sæther (formelt uavhengig/meldt inn i DNI).

Edland var einig, og viste til at det i stor grad var familiar som bruka hyttene i området. Og uansett var det ikkje hyttene som var det avgjerande momentet for å skåne villreinen, meinte ho.

– For å få til noko som monnar må ein innskrenke allemannsretten, men det trur eg ikkje staten tør, sa Edland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Allemannsretten hadde ikkje vore noko problem dersom det ikkje hadde blitt bygd så mange hytter, svara Godal.

Ved votering var politikarane altså delt, tre for og tre mot, men til slutt vart dobbeltrøysta til Edland utslagsgjevande for at planen vart vedteken.