Øvste svingen held på å rase ut. Vegen stengt for store køyretøy

Eidsborgberget er stengt for store køyretøy.

Det melder Statens vegvesen tysdag ettermiddag. Fylkesveg 450 er stengt for køyretøy på meir enn 10 meter. Årsaka er steinskred/steinsprang. På trafikkinformasjonen står det at vegen skal opne att i morgon, onsdag klokka 18.45, men at dette er usikkert.

Dette gjev mellom anna utfordringar for skuleskyss. Vest-Telemark vidaregåande skule melder at skulebussen frå Vrådal, Kviteseid og Seljord skal køyre om Åmot og blir med det om lag 20 minuttar forseinka til Dalen. Elevane i Smørklepp og Eidsborg får drosje, er meldinga frå skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Øvste svingen i Eidsborgberget held på å rase ut, skriv skulen på Facebook.