Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Opprop åtvarar mot landbrukspolitikken: – Det hastar å få til ei endring av retning

Ei rekke organisasjonar har signert eit opprop der dei åtvarar mot utviklinga i landbruket. Parallelt med oppropet arrangerer Norsk Bonde- og Småbrukarlag aksjon ved Eidsvolls plass når Stortinget onsdag skal behandle årets jordbruksavtale.

– Det hastar å få til ei endring av retning så vi beheld landbruket vi har i dag og at det ikkje blir forverra med nedlegging og sentralisering, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff, til Nynorsk pressekontor.

Fleire organisasjonar som jobbar med mat, lokalsamfunn, norske arbeidsplassar og miljø, har signert eit opprop der dei åtvarar om konsekvensane av norsk landbrukspolitikk. Blant organisasjonane er Fagforbundet, Natur og Ungdom, Spire, Alliansen ny landbrukspolitikk, og Fellesforbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I oppropet heiter det at høgare inntekt til bonden er heilt nødvendig for at jordbruket skal kunne levere på samfunnsoppdraget, som mellom anna er mattryggleik og beredskap.

Vil synleggjere behovet for ny retning

Onsdag held Bonde- og Småbrukarlaget aksjon ved Eidsvolls plass i høve at Stortinget behandlar jordbruksavtalen. Før behandlinga blir oppropet overrekt både representantar for partia i næringskomiteen, og MDG og Raudt, som ikkje sit i komiteen, før stortingsbehandlinga. Venstre og Frp har ikkje svara på invitasjonen.

Same dag blir òg handelsavtalen med Storbritannia behandla, noko som òg får konsekvensar for norsk landbruk.

– Målet med markeringa er å synleggjere behovet for ein ny retning i landbrukspolitikken, i tillegg til at vi må styrke importvernet. Kvar handelsavtale svekker norsk matproduksjon bit for bit når ein lagar avtale på å importere det vi kan produsere sjølve. Det har òg å gjere med sysselsetjing i heile landet, seier Hoff.

– Vi vil ha meir bruk av norske areal og nok bønder til å bruke jordbruksareala fornuftig. Slik at vi produserer mat rett til folk der det er mogleg, og gras til dyra der klimatiske forhold gjer det mogleg, held ho fram.

Viktige signal

Da jordbruksforhandlingane i år enda i brot, gjorde det at det er same tilbodet som regjeringa gav, som blir behandla i Stortinget. I innstillinga frå Næringskomiteen, ønsker Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som utgjer eit mindretal, ei pakke for investeringar i overgangen til lausdrift, utanfor ramma av jordbruksoppgjeret, og tilpassa bruk med under 30 kyr. Det vart òg foreslått i kravet frå jordbruket. SV har òg foreslått ei investeringspakke, men har ikkje vore tydelege på om det er innanfor eller utanfor ramma for jordbruksoppgjeret.

Mindretalsmerknadene i Næringskomiteen vil truleg ikkje bli vedtekne fordi regjeringa og Frp allereie er samde om ei løysing, trur Hoff.

– Men innstillingane frå mindretalspartia er viktige signal i vegen fram mot Stortingsvalet, der naturleg nok mat og matproduksjon til landet vårt vil vere viktige tema, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattryggleik og beredskap

Dei fire hovudmåla Stortinget har fastsett for landbrukspolitikken, er mattryggleik, beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Likevel blir det kvar dag lagt ned to gardsbruk, 14 prosent av jordbruksarealet vårt er ute av drift og vi brukar under halvparten av dei rike utmarksbeita som dekker nesten halvparten av landarealet vårt, heiter det i oppropet.

Vidare peikar dei på at kulturlandskap gror igjen og at biologisk mangfald som beitedyr har tatt vare på i hundrevis av år, forsvinn. Det har resultert i at vi har ei sjølvforsyning på under 40 prosent. Det gir dårleg mattryggleik og set matvareberedskapen i fare ved konfliktar, handelsblokadar, ekstremvêr og liknande, skriv organisasjonane i oppropet.

(©NPK)