Om forkjølelse og nasedropar på 60-talet
I desse forkjølelsestider og med overskrifter om nedlegging av apotek og misbruk av nasespray, håpar eg denne historia kan vere av interesse.
På etterjolsvinteren i eingong på 60-talet blei far min kraftig forkjøla. Snyteskaftet blei raudt og tett. Vanlegvis hadde han eit svært probat middel mot dette: Effedrin nasedropar med dropeteljar.
Det var bare det at flaska var tom og middelet var reseptbelagt apotekvare. Å skaffe etterforsyning av slikt i ei handvending var ikkje bare enkelt i denne tida rett etter at telefonen var tatt i bruk og før internettets tid.
Nå var det slik at butikken lengst sør i bygda hadde handkjøpsutsalg av medisinar.
Det vil seie utsal av ikkje reseptbelagte varer frå Kviteseid apotek. I hyllene fanst kamferdropar, globoid, sloans linniment, jodbensin, rivanol og engelsk hostesaft. Kan hende dei hadde nasedropar også. Eg blei send på spark med pengar i votten og la fram ærendet mitt ved disken.
Nei, det he me ikkje, men eg lurar på om han ikkje kan bruke dette. Dama bak disken kom med ei lita brun flaske med raud etikett med påskrifta «Eucalyptus olje», men ingen bruksanvisning. Eg hadde lese meg til at raud etikett tydde kun til utvortes bruk, men på den tid hadde ungar stor respekt for vaksne så det var uaktuelt å protestere. Om ein sår nasegang var innvortes eller utvortes lura eg nok litt på, men sparka heim med flaska og anbefalinga.
Vel heime overtok pasienten straks regien i håp om pines lindring. Innhaldet på den brune flaska blei tømt over på effedrinflaska.
Nå blei det spennande å sjå om middelet virka. Det gjorde det! Pasienten inntok horisontalen på divanen og sprøytte midlet opp i snyteskaftet.
I løpet av ca 1/10 sekund fauk han frå liggande stilling til ståande midt på golvet med eit fælsleg gaul. Andletsfargen blei fyrst mørkeraud før han gjekk over meir mot blått. Deretter skreik han i si pine: «Eg trur forbanne meg det kvinnfolket vil drepe meg».
Påfylgjande karakteristikk av butikkdamas medisinske kvalifikasjonar skal lesarane bli spart for.
Etter kvart som situasjonen roa seg ned blei Aschehougs konversasjonsleksikon konsultert. Der stod fylgjande: «Eucalyptusolje er en sterk eterisk olje fra eucaluptustreet, kjent for sin sterke friske duft og kjølende effekt. Kun til utvortes bruk. Skal alltid blandes ut. Ved forkjølelse tar man noen dråper i kokende vann for inhalasjon under et håndkle».
Konklusjon: Middelet virkar ved forkjølelse, men ublanda som startgass rett i innsugingsmanifolden blir det i sterkaste laget.
Då eg rydda ut av eit gamalt medisinskåp på 90-talet dukka flaska fram att. Fyllingsgraden den same som på 60-talet. Ingen hadde seinare prøva seg.
Olav-Anton Nordbø