Håpar at huset skal bli ein naturleg møteplass for alle i bygda
Søndag opna Nissedal Røde Kors sitt nye lokalforeiningshus iTreungen. Over 70 personar møtte fram til opningsfesten då ordføraren klipte snora og sleppte publikum inn i dei nye lokala.
Etter to år med arbeid kunne Nissedal Røde Kors endeleg ta i bruk sitt nye lokalforeiningshus i Sagvegen i Treungen, oppluser Røde Kors i ei pressemelding. Lokalforeiningsleiar Lena Skarpodde seier det er godt å vere i mål med prosjektet.
Det var ordførar Ian Parry-Jones som stod for den offisielle opninga. Då snora vart klipt, fekk dei frammøtte sjå dei nye lokala som skal vere base for lokalforeininga sitt arbeid i åra som kjem.
Nissedal Røde Kors kjøpte huset for to år sidan og inngjekk deretter ei avtale med Nissedal kommune. Kommunen rusta opp bygget vesentleg, medan dei frivillige i Røde Kors gjennomførte omfattande oppgraderingar i den delen av huset som kommunen ikkje skulle nytte. I eitt skuleår vart bygget brukt til undervisning.
– Detter har vore ein vinn-vinn-situasjon, opplyser Skarpodde i pressemeldinga.
Det tidlegare tilhaldsstaden til lokalforeininga var liten og trong, og hadde avgrensa moglegheiter for aktivitetane foreininga ønskjer å tilby.
No ser foreininga framover og planlegg fleire nye aktivitetar. Samstundes håpar dei å rekruttere fleire frivillige.
Målet er at huset skal utvikle seg til ein naturleg møteplass for innbyggjarane i bygda, uavhengig av alder.