Olaf var 15 då han byrja å jobbe. Nå blir 75-åringen pensjonist
Fiske i Lofoten. Buss i Oslo. Ambulansesjåfør på humpete vegar i 37 år. Fredag parkerer Olaf Krogh skulebussen for siste gong.
Klokka er 13.50 og dei gule skulebussane rullar inn på busshaldeplassen framfor Tokke skule.
Høydalsmo, Byrte/Mo, Krossli står det i frontrutene.
Snart veltar skuleungane ut på plassen. Luer og capsar på huet, haustjakker som flagrar bak dei, joggesko som knitrar mot grusen og skulesekkar sleng fram og tilbake på ryggane.
Sjåføren på Krossli-bussen opnar døra og møter passasjerane med eit smil. Han heiter Olaf Krogh og er ein mann som har fleire mil bak rattet enn dei fleste.
37 år som ambulansesjåfør og 10 år som bussjåfør. I november fyller han 75 og kan ikkje køyre skulebuss lenger. Pensjonistlivet ventar. Men kva skal han bruke tida til då?
– Sei det. Eg får vel hogge ved, ler Olaf.
På svingete og humpete vegar
Snart er det tomt for elevar ute og seta byrjar å fylle seg opp. Ungane har pipa busskortet sitt framme hos Olaf, helsa høfleg på han som køyrer dei heim, og Olaf manøvrerer bussen ut på Storvegen.
Fortel at det stort sett er stille og roleg på bussen. Men det hender han må minne dei om å bruke setebelte, og det hender han tullar litt med dei også.
– Ein gong tok eg med meg telefonen min og gjekk bakover i bussen, og sa at eg såg på appen at her var det mange som ikkje hadde festa belte. Då høyrte eg berre klikk, klikk, klikk.
Olaf flirer og svingar av Storvegen. Nå byrjar krabbeetappen oppover Skafsåberget.
At vegane ut av Dalen kan vere krevjande er inga overdriving.
– Det er jo utfordrande her på vinteren. Då står det gjerne ein semitrailer på tvers her, fortel Olaf.
På vinterstid køyrer han omtrent alltid med kjetting. Ulykker har han vore skåna for, men ein gong byrja bussen å skli bakover i berget. Det var ubehagleg også for den erfarne sjåføren. Men elles er han aldri uroleg når han køyrer.
– Fordelen her er at det er så svingete at det må gå sakte.
Frå havet til Froland
At Olaf skulle avslutte yrkeskarrieren sin som bussjåfør til Austheii, Høydalsmo og Dalane var slett ikkje sjølvsagt. Lukta av sjø og spisse fjelltindar var barndommens landskap for Olaf. I Moksenes i Lofoten voks han opp, og alt som 15-åring for han på fiske. Det var lukrativt for ein unggut.
Året var 1965, og på tre månadar ute på fiske tente han 9000 kroner.
– Det var mykje pengar for meg då, smiler Olaf.
15-åringen handla seg moped. Merket var Suzuki 50.
I dag er det ikkje heilt enkelt å spore Nordland i dialekta til Olaf. Han var berre 19 då han flytta frå Moksenes. Ferda gjekk til hovudstaden. Men det var ikkje så lett å få ein plass å bu i Oslo. I bustadannonser på den tida stod det ofte rett ut at nordlendingar ikkje var ønska.
– Men så var me så heldige at pakistanarane kom til Noreg. Og då rykka me nordlendingar opp eit hakk, ler Olaf.
Medan skuleelevane trykker på stoppknappen og går av bussen i Skafså, og bussen susar vidare på den svært humpete vegen til Åmdals Verk, fortel Olaf at busslappen tok han så snart han kunne, som 21-åring.
Skuleungane seier hadet til Olaf idet dei forsvinn ut døra. Bussen går vidare retning Åmdals Verk. Stadig køyrer Olaf meir midt i vegen enn nærare den kvite stripa, vegen er så dårleg og om han køyrer lenger ut blir det endå verre med både hol, humpar og helling. Olaf er både fortvila og oppgitt over fylkesvegen, skjønar ikkje at strekninga ikkje blir prioritert og fortel kor hardt det slit på bussane.
Tidleg i sjåførkarrieren køyrde han buss i Oslo og Bærum.
Det var kona Margit som førte Olaf til Tokke. Ho voks opp på Uppistog Felland i Fellandsgrend, og Olaf og Margit tok over småbruket i 1977. Heilt fram til 2001 dreiv dei med sau, eit halvt årsverk ved sidan av andre jobbar. Dei to ungane har for lengst flytta ut av både heimen og bygda, men Olaf og Margit bur framleis på Felland saman med to firbeinte, ein hund og ein katt.
På Åmdals Verk køyrer han inn i bygda og stansar ved det som blir kalla Noregs finaste busskur. Deretter går turen vidare mot Krossli. Til slutt har alle ungane kome seg heim, og Olaf køyrer tilbake til Dalen.
Ut på eventyr
Eigentleg er det ti år sidan Olaf gav seg i jobben han har hatt størstedelen av yrkeslivet – ambulansesjåfør. Då var han 65 år og hadde køyrt ambulanse i 37 år.
– Det kjentest greitt å gje seg då.
Utviklinga i yrket frå han byrja i 1980 har vore enorm og svært lærerik. Då han byrja var det ikkje så mykje anna enn hjarte og lungeredning og transport dei kunne utføre i ambulansen. Nå er det utruleg mykje utstyr i ein ambulanse.
For Olaf er det alle folka han har møtt som har vore det finaste med alle jobbane han har hatt.
Å vere med på fødsel er noko heilt spesielt, og som ambulansesjåfør har han også vore med på 13–14 fødslar og også sjølv vore den som har tatt imot barn. Det er jo ikkje alle som når heilt fram til sjukehuset i tide.
– Eg har nok stoppa i alle busslommer mellom Dalen og Skien.
Olaf ler og har fleire historier om fedre som har kome etter ambulansen i eigen bil, men ikkje fått med seg at ambulansen har stansa i ei busslomme og dura rett forbi. Gps har heller ikkje alltid eksistert, og tidlegare brukte dei litt ulike metodar for å finne fram til rett hus. Olaf og ei jordmor var på veg heim til ei kvinne som skulle føde. Avtala var at ho skulle sette ei blå bytte utpå trappa slik at dei skulle finne rett hus.
Olaf og jordmora fann huset der ei blå bytte stod plassert på trappa. Dei banka på, og ut kom ein kar i 70-åra.
Hm, ikkje akkurat det dei venta når dei skulle hente ei fødande kvinne. Då oppdaga dei at i bytta låg det fisk, for mannen hadde akkurat vore på fisketur, men på fødestova skulle han altså ikkje.
Då måtte dei altså køyre litt til. Til dei fann neste hus med ei blå bytte på trappa.
Då Olaf og Margit flytta til Tokke vart Olaf aktiv i Røde Kors hjelpekorps, og det var slik han etter kvart vart ambulansesjåfør. Ei tilfeldigheit førte han også til Mosambik og Angola i Afrika for Norsk Folkehjelp.
– Ein bekjent nevnte for meg at du burde vore ute med Norsk Folkehjelp du.
Tja, tenkte Olaf. Dette var ikkje noko han hadde vurdert tidlegare. Men han tenkte seg berre om i to dagar. Og fjorten dagar etter var han på plass i Mosambik. Han jobba som medisinsk personell og mineryddar, og lærte opp lokale sjukepleiarar.
Han vart i Mosambik i eitt år, og tre år seinare, i 1996, reiste han til Angola i samme ærend.
– Eg likar å jobbe, er veldig glad i det. Eg treffer så mykje trivelege folk, både som ambulansesjåfør og bussjåfør.
Men 31. oktober blir siste arbeidsdagen for Olaf. Han kan sjå tilbake på 60 år i yrkeslivet. Kjem han til å sakne jobben? Kanskje det er noko han endeleg får meir tid til?
– Eg har tenkt på dette ei stund, så eg trur det blir bra å slutte. Eg føler jo at eg har gjort mitt.
Og så var det jo denne veden. To ungar og seks barnebarn har han også. Helsa er bra, sjølv om det er nokon vondtar her og der, som han seier.
– Kanskje me kan reise litt. Me har jo både hund og katt, og ei lita hytte i Botndalen som me vil bruke meir.
Joda, det blir bra, konkluderer bussjåføren idet han parkerer for dagen.