Meiner det er viktig å førebyggje: Elise R. Foldøy (t.v.) og Hanne Norgaard.

Nytt tilbod til eldre – helsekontakt og førebyggjande heimebesøk

Styrking av heimetenesta gir nye tilbod til dei over 75 år i Kviteseid.

– Det blir fleire eldre. Det fører til at me må tenke nytt om eldreomsorga framover, seier Hanne Norgaard som er einingsleiar for heimesjukepleia i Kviteseid.

Ho meiner det er viktig å ha meir fokus på førebyggjande og helsefremmande tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Kviteseid har heimesjukepleia blitt styrka. Det gav dei moglegheit til å satse meir på førebygging. Eit av tiltaka i denne satsinga er at kommunen nå vil tilby helsekontakt og førebyggjande heimebesøk.

Tilbod til dei som bur heime

Elise R. Foldøy er tilsett som sjukepleiar i heimetenesta med eit særskilt ansvar for førebyggjande arbeid for dei over 75 år. Målgruppa for arbeidet er dei som bur heime og ikkje tek imot omfattande helse og omsorgstenester frå kommunen, og målet er at fleire skal meistre kvardagen i eigen bustad og klare seg utan omfattande helsetenester.

Foldøy fortel at alle i aldersgruppa 75–79 år om ikkje lenge vil få eit brev i posten med tilbod om ein helsekontakt, som den enkelte kan ta kontakt med om dei har spørsmål. Dei vil også få tilsendt informasjon om ulike tilbod som finst i Kviteseid, både helse og velferdstenester som kommunen tilbyr og aktivitetar tilrettelagt av frivillige.

– Så kan dei som ynskjer det ta kontakt, seier Foldøy.

Dei mellom 80 og 85 år vil få tilbod om førebyggjande heimebesøk ein gong i året. Dei aktuelle innbyggjarane får eit brev i posten med informasjon om tenesta og ei avtale for samtalen.

– Utgangspunktet for samtalen er kva som er viktig for den enkelte i dag og kva som blir viktig i framtida, kva som må til for å ha eit godt kvardagsliv og ei god helse. Dei som takkar ja til tilbodet får ei mappe med nyttig, helsefremjande informasjon, kontaktpersonar, og informasjon om aktivitetar og tilbod i kommunen, fortel Foldøy.

Om nokon ikkje ynskjer besøk i heimen får dei tilbod om ei samtale ein annan stad.

Samarbeid med andre instansar

Eldrerådet, sanitetslaget, tenestekontoret og heimetenestene har kome med innspel til satsinga. Og Foldøy trekkjer fram frivilligsentralen og ergo- og fysioterapitenesta som viktige samarbeidspartar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukepleiaren er klar for å reise rundt på heimebesøk frå neste veke. Ho er spent på responsen.

– Eg håpar at folk vil takke ja til ein prat, seier ho.