Nysnø, sol og publikumsrekord – påska har levert
– Påska har vore veldig bra, seier dagleg leiar på Rauland skisenter, Kristin Larsen.
Langfredag var den aller beste dagen med 3000 besøkande på skisenteret.
– Då koka det bra, og det var veldig moro. Det var toppdagen i påska, og går også inn på topp-fem for sesongen, fortel Larsen til VTB.
Ho har tid til ein prat med lokalavis på påskeeftan, for Larsen og skisenteret er påskeeftan høgdepunktet i påska.
Det er mange som køyrer i bakken, men det er også mange som vil få med seg årets Ta sjansen-konkurranse.
Larsen fortel at det er svært populært å delta, og at dei er glade for å kunne ha Ta sjansen igjen i år. I fjor måtte dei avlyse på grunn av lite snø.
Men i år har påskevêret levert.
– Det var veldig bra i fyrste del av påska med fint vêr, nå i siste del har me fått litt meir vêr, og me fekk snø på torsdag og påfyll igjen i natt. Og nå skin sola.
Dei var førebudd på kalde netter og ikkje uroa for å ha for lite snø i år, men at det skulle bli nysnø i tillegg var ein bonus – og når snøen kjem om natta og sola skin på dagen, då blir det neppe betre for dei som vil køyre slalåm eller gå på ski.
Skjærtorsdag sette dei publikumsrekord med gratiskonsert med Hagle utandørs på Vierli. 2500–3000 personar deltok på konserten som var eit familiearrangement.
– Det var eit mylder av folk, og ein god miks av lokale, tilreisande og hyttefolk. Det var veldig bra, fortel Larsen.
2. påskedag er siste dag dei held ope skitrekket denne sesongen, og førebuingane til neste sesong er alt i gang. Den fyrste tida etter at dei stenger er også ganske travel, fyrst når dei kjem til mai blir det rolegare dagar.
– Korleis er påska for deg?
– Den er utruleg fin, men også utruleg hektisk. Oss som lever i dette skisenteruniverset, me diggar dette og me lever for det.